Framtida
Publisert
Oppdatert 21.09.2017 13:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Emilie Hetland og Eirik Faret Sakariassen er begge frå Stavanger, og bruker store delar av timane i døgnet dei er vakne, på politikken.

Emilie er for tida leiar for Rogaland SU (Sosialistisk Ungdom, ungdomsorganisasjonen til SV), og var før det fylkessekretær i eitt år.

Eirik har dei to siste åra vore leiar for SUs lokallag i Stavanger. I vår har han gått over til å bli nestleiar for Stavanger SV, og blei på sist fylkesårsmøte vald inn i arbeidsutvalet på fylkesplan i partiet. Likevel ønskjer han framleis å engasjera seg i ungdomsorganisasjonen, der han har vore leiar i drygt to år.

Starten

19-åringen kom nett frå ein skuletur til Brussel, der mellom anna ei vitjing hjå den norske NATO-delegasjonen sto på programmet. Den internasjonale erfaringa er med andre ord allereie på plass.

Men det starta naturleg nok i mindre skala. For Eiriks del med ein korpstur til Haugesund der han blei verva til SOS Rasisme, eit steg inn i eit miljø som litt tilfeldig gjorde at han hamna i ein taco-middag i SV-huset under stortingsvalkampen i 2005.

Her trefte han mellom anna Hallgeir Langeland, og den røynde stortingspolitikaren var ein av fleire faktorar som gjorde at Eirik engasjerte seg i ungdomsorganisasjonen til Langeland & co.

– Hallgeir er eit av mine politiske idol i tillegg til å vera ein ven, og eg er heldig som har fått jobba saman med han.

Emilie for sin del blei tatt med på årsmøtet til Rogaland SV av Eirik året etter, og dermed var det gjort. I dag har ho ei rekkje saker ho brenn for.
Energi og miljø

Nyleg var det landsmøte i Rogaland SV, og unge Hetland fremja der forslag om å byggje gassrøyrleidning frå Kårstø til Grenland. Forslaget blei nedstemt, men fekk likevel mykje støtte. I det heile tatt er det energi som er ei av hjartesakene til 17-åringen.

– I det høvet er eg fascinert av tanken på CO2-deponering som eit verkemiddel. Det er vegen å gå både i eit arbeids- og miljøperspektiv, meiner ho.

I tillegg til energipolitikk vil ho seia at arbeid og næringsliv er dei to andre emna ho er mest opptatt av, og at dei tre felta heng nøye saman.

– Arbeid, næring og energi er felt som rører ved mange andre viktige problemstillingar, som miljø og jobbtilbod også til kvinner og ungdom, seier stavangerjenta.

Ho var også var engasjert i debattane om pensjonsreforma i fjoråret.

– Det nye forslaget til pensjon var eit spørsmål om rettferd og ein verdig alderdom. Den ville ikkje ramma dei som snart går av, men oss som er unge i dag. Likevel var ikkje dette ein kamp mellom unge og eldre, men mellom vanlege folk og ein overklasse, oppsummerar SU-politikaren.

Ny næring

Eirik har mykje av den same tankegongen i forhold til arbeid og energi, og meiner det må skapast nye arbeidsplassar innan industrien.

– Me kjem etter kvart til å måtta gå over frå olje til fornybar energi. Då er det viktig å tenka sysselsetjing i forhold til denne utviklinga, viss ikkje vil me oppleva eit stort tap av arbeidsplassar, meiner han.

Han meiner dette er særskilt viktig i forhold til heimstaden hans, Stavanger og Rogaland.

– Oljenæringa har over lang tid definert regionen. Nå må regionen definera næringa, erklærer han slagordaktig.

Han har også engasjert seg i fleire enkeltsaker, som kriminalisering av sex-kjøp, norsk krigføring i Afghanistan og kommunal boikott av Israel. Sistnemnde utspel blei til ein lengre debatt i lokalavisa, Rogalands Avis. Ei interessant, men tøff oppleving.

– Motargumenta var reale nok, men debatten var til tider prega av eit sterkt personfokus. I løpet av 14 dagar var det bilete av meg i avisa nærast kvar dag, minnest han.

Eit lite apropos i forhold til Magasinett er at dei både har vore involverte i målrørsla. Eirik var med på å starta det første elevmållaget i Noreg, Kongsgård elevmållag, medan Emilie har vore med i Målsiddisane.

Viktig engasjement

Både Eirik og Emilie er samstemte om at det er viktig at folk engasjerer seg i politikken.

– Dersom ein vil endra noko, er det den einaste måten å oppnå det på. Mange vil ha ei forandring, men sit og ventar på at den skal komma av seg sjølv. Det nyttar ikkje, ein må skapa forandringa sjølv. ”We are the change we hope for,” som Barack Obama sa det, meiner han.

– Eit samfunn er best tent med at flest mogleg engasjerer seg. Og det skal ikkje alltid så mykje til for å få gjennomslag for ting som betyr noko for ein i kvardagen. Enten det er betre busstilbod, billegare teaterbillettar eller kva det måtte vera, tilføyer ho.

Framtida

Eirik er ferdig på vidaregåande nå i vår, og har planar om å ta seg fri frå utdanning eit års tid. Han satsar på å eit år innan omsorgssektoren, på sjukeheim eller sjukehus, det kommande året.

– Eg har hatt fleire jobbar tidlegare, men føler ikkje at eg der har fått gjort nok for å hjelpa andre menneske. Det vil eg gjerne gjera nå, forklarer 19-åringen.

Etter året innan omsorg ønskjer han å studera statsvitskap og seinare samfunnstryggleik. Likevel er det politikken som vil prega livet hans mest.

– Mitt utgangspunkt er at eg vil driva med politikk resten av livet. Eg ser ikkje bort frå at eg vil gjera det på heiltid om eg får sjansen til det, enten som vanleg politikar, rådgjevar eller byråkrat. Kanskje jobba utanlands for Utanriksdepartementet? Men ein får ta det litt etter kvart også, fortel han.

Emilie på si side ser førebels valkampen 2011 som eit naturleg mål på litt lengre sikt. Etter det er planane meir opne.

– Akkurat nå er eg mest opptatt av å gjera ein god jobb der eg er nå, så får det bli opp til partiet om dei vil gi meg tillit i framtida også. Vidare engasjement får ein å vurdera når det eventuelt blir aktuelt, seier ho diplomatisk.