Framtida
Publisert
Oppdatert 21.09.2017 13:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har alltid hatt forteljingar inni meg. Eg trudde alle hadde det slik, men eg har etter kvart funne ut at slik er det ikkje, seier Maria Parr på klingande Sunnmøre-dialekt.

Ho kan fortelje at ho var ganske lita då ho fann ut at det var forfattar ho ville bli.

– Eg har vore velsigna med eit publikum som tok forteljargleda mi på alvor og oppmuntra meg. Eg hadde ein lærar på barneskulen som har vore viktig for meg, som fekk meg til å tru at eg kunne skrive og fortelje, seier barnebokforfattaren.

Suksess-debut

I 2005 kom den første boka hennar “Vaffelhjarte”. Debutboka blei både nominert til Brageprisen og vann Nynorsk barnelitteraturpris.

I fjor kom hennar andre bok, “Tonje Glimmerdal”. For denne boka vann ho Brageprisen for barne- og ungdsomsbøker. Nå sist blei ho tildelt Teskjekjerringprisen for 2009. Neste år blir debutboka hennar til barne-tv på NRK.

– Eg blir veldig glad og audmjuk, og veit ikkje heilt korleis eg skal ta imot.

Siste nyheit for Maria Parri si bok “Tonje Glimmerdal” er at ho er nominert til Kulturdepartementets prisar for barne- og ungdomslitteratur 2009.

– Eg har jo bare skrive to bøker, er Parr sin kommentar til prisdrysset.

Viktige lesarar

Samstundes er ho veldig glad for at prisane set fokus på barnelitteratur.

– Dei beste lesaropplevingane mine var som barn, og derfor er det så viktig å ta barnelitteraturen på alvor. Det er kjekt å kunne vere med på å gjere barnelitteraturen meir synleg. Barnelitteratur må ikkje sjåast på som noko annanrangs, slår Parr fast.

Det kjennest litt pinleg i det heile tatt å ha stilt spørsmål ved hennar val om å skrive bøker for barn. Då ho lett ymtar frampå om at det spørsmålet ville ho aldri blitt stilt om å ho valde å skrive bøker for vaksne, kan vi ikkje gjere anna enn å nikke samtykkande for oss sjølve.

Vil skrive for barn

Ho fortel at ho ikkje har noko behov for å skrive vaksenbøker.

– Eg får brukt meg der eg er. Å skrive barnebøker er både viktig og kjekt, seier 29-åringen.

– Det finst etter kvart mykje god ny norsk barnelitteratur, men utfordringa er å nå fram til foreldra, held ho fram.

Forfattarskap på pause

Maria Parr har ikkje skrive eitt ord sidan i sommar. Til det er ho for travelt opptatt med lærarutdanning og praksis.

– Eg gler meg til sommaren, for då skal eg skrive igjen, seier ho med smil innimellom dei rullande møre-r-ane.

– Kva er det som inspirerer deg til å skrive?

– Eg fekk ei aha-oppleving då eg fann ut at eg kunne skrive om det rundt meg og at det var interessant for andre. Det var det veldig befriande å finne ut. Eg trur også at om du tar deg tid og set deg ned og begynner å jobbe, så vil motivasjonen komme bare av det.

Lindgren som idol

Forlaget til Parr skriv om ho på sine nettsider: “Maria Parr skriv med innleving og varme, på ein måte som gjer det naturleg å samanlikne henne med sitt store idol, Astrid Lindgren”.

– Eg har tenkt at det kanskje er lurt å prøve å distansere seg litt frå Lindgren, men ho gjorde eit uutsletteleg inntrykk på meg då eg var lita. Same kor mange bøker eg les nå, så sette ho ein standard. Det ho får til og den måten ho ser på ungar, det ekte engasjementet som kjem fram både i tekstane hennar og i livet hennar, inspirerer meg, seier den unge forfattaren.

– Kvar er du om 10 år?

– Det synest eg det er vanskeleg å svare på. Eg trur eg bur ein stad på Sunnmøre. Eg trur at eg skriver, men eg trur også at eg gjer andre ting, svarer Parr. Ho trur nok det blir læraryrket kombinert med forfattarskapen som blir framtida hennar.

Fem kjappe

– Korleis koblar du av? – Saman med gode venner og med turgåing.

– Kva les du nå? – Eg les ikkje så mykje for tida, det går mykje på norske standardverk i samband med at eg er i praksis i den vidaregåande skulen. Eg held elles på med Karl Ove Knausgård og “Dyffel” av Arnt Birkedal.

– Kor lang tid brukte du på å skrive bøkene dine? – “Vaffelhjarte” brukte eg 10 år på og “Tonje Glimmerdal” brukte eg fire år på.

– Har du idear til nye bøker? – Eg har ikkje noko konkret, men eg har nokre bilde som det kanskje blir noko av.

– Er det viktig for deg å skrive på nynorsk? – Nynorsk er språket mitt, så derfor er det heilt naturleg å skrive på nynorsk. Samstundes kjennest det meiningsfullt, fordi eg veit at bøkene trengst.

Gode ord

Det er mange som har noko positivt å seie om Maria Parr og forfattarskapen hennar. Då ho fekk utdelt Brageprisen, sa juryen: “Her er det en personlig fortellerstemme med overskudd og stor fortellerglede”.

“Parr er en klok og myndig forfatter: det er ikke alle som lykkes med å gi sin hovedperson så mange gode egenskaper, så mye drama og så mye hell, og en slik sentral rolle i alles liv, og enda få det til å fungere litterært. Astrid Lindgren greide det – og den sammenligningen er ikke tilfeldig”, skriv Morten Haugen i Adresseavisen.

Barne- og ungdomsredaktør i Det Norske Samlaget, Ragnfrid Trohaug, seier om Parr:

“Det er uhyre sjeldan at ein debutant får slikt gjennomslag som Maria Parr har fått med Vaffelhjarte, og som vi ser er i ferd med å skje med Tonje Glimmerdal, alt før boka kom ut i Norge”.

Bøkene til Parr har nemleg vakt oppsikt også i utlandet. “Vaffelhjarte” blei seld til forlag i Sverige, Frankrike, Belgia, Russland, Polen og Tyskland. Forlag i dei same landa skaffa seg omsetjarrettane til “Tonje Glimmerdal” med ein gong ho kom ut.