Denne spektakulære timelapse-videoen kjem til å gi deg lyst til å flytta til Årdal

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjå timelapse-videoen frå Årdal som tar av på Facebook

Saka var først publisert på Porten.no.

Blinkskota til lokale hobbyfotografar som kravlar oppetter fjellsidene dukkar stadig oftare opp i sosiale medium. No har Hans Smedegård frå Årdal tatt hobbyen eit steg lengre.

Søndag ettermiddag la han ut ein timelapse-video som syner kommunen frå ulike vinklar. Timelapse er mange bilete som er tatt etter kvarandre, med nokre sekund mellomrom, og sett saman til ein video som går raskare enn normalt.

Responsen har vore enorm. Måndag føremiddag har over 15 000 sett videoen. Nesten 500 har likt han, og over 260 har delt han. I kommentarfeltet renn det inn positive adjektiv.

– Det tok fullstendig av. Kort tid etter at eg la han ut byrja det å koma kommentarar og delingar. Då skjønte eg at folk likte det dei såg, seier Smedegård og vedkjenn at sjølv om mykje av det han legg ut blir godt motteke, så har ingenting vore i nærleiken av dette.

God marknadsføring

For Årdals del, er dette noko som kan vera gull verdt i marknadsføringa av bygda, meiner Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord.

– Då me hadde ein runde med strategiarbeidet for reiselivet i Årdal for halvanna år sidan, hadde me med oss mange av dei som tar bilete. Der ønskte me at dei heldt fram med det, delte dei, og så skulle me dela vidare i våre kanalar. Det oppmoda me om og meiner er viktig, seier han.

– Me deler vidare i våre kanalar og med utanlandske pressekontaktar og bloggkontaktar. At ein får spreidd bileta er heilt avgjerande i mange samanhengar, og noko som skapar interesse. Me oppmodar eigentleg fotografar frå heile Sogn om å gjera det sama.

20 000 bilete sydd saman

Men det har kosta tid. Når 20 000 bilete skal knipsast, redigerast, setjast saman og presenterast, tar det gjerne litt tid.

– Eg har brukt halvannan månad på prosjektet. Det har blitt litt venting på det rette vêret for å få den beste effekten med fart i skyene og så vidare. Eg ville også ha med nordlys, og der traff eg første kvelden eg var ute på nordlysjakt, forklarar han.

Bileta er tatt med alt frå to til ti sekundar mellom, alt etter korleis ein ønskjer effekten av bileta skal vera.

– Det handlar om farten ein vil ha. Med folk og bilar må ein gjerne ha litt kortare tid mellom bileta. På ein solnedgang må ein ha litt lenger tid.

Les meir på Porten.no!