Ap vil lagre CO2-utslepp frå heile Europa i Nordsjøen

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I vårt alternative budsjett har vi sett av 150 millionar kroner til dette formålet. Det er ikkje nok, men det kan vere eit utgangspunkt, seier Tajik til VG.

På havbotnen meiner Tajik at Europas CO2 kan lagrast. CO2-«fangsten» vert gjort ved hjelp av kjemiske prosessar før det vert frakta i røyr til «lagerplassar» i eigna bergartar under bakken eller havbotnen.

I 2007 lanserte dåverande statsminister Jens Stoltenberg (Ap) det han kalla «månelandinga» til den raudgrøne regjeringa, eit karbonfangstanlegg på Mongstad. Prosjektet blei skrinlagt i 2013, og sidan har det vore i det blå korleis Noreg skal nå målet til klimaforliket om å få eit slikt anlegg i drift innan 2020.

Søviknes skeptisk

Olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) avviser CO2-forslaget frå Ap og Hadia Tajik. Foto: OED/NTBscanpix

Olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) er kritisk til Aps vyar.

– Korleis skal Ap gjere det? Skal dei bruke masse pengar på eit lager som ingen brukar? Først må vi ha CO2 å lagre, og først må vi ha nokon som vil lagre CO2, seier han.

– Det vil vere meiningslaust å starte i den enden – før vi har noko CO2 å lagre. Vi må ikkje gå på ein ny månelandingskrasj.