Åtvarar mot konsekvensane av migrasjonskrisa
Korleis vil det norske samfunnet endre seg som eit resultat av den store migrasjonskrisen me i dag er vitne til?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Velferdsstaten vil kollapsa
Vil velferdsstaten slik me kjenner den i dag overleve utgiftene knytt til innvandringa?
For å svare på desse spørsmåla har Uten Filter invitert den kjende journalisten Jon Hustad. Han jobbar til dagleg i avisa Dag og Tid, men er også å sjå i TV2s aktualitetsmagasin Underhuset. Hustad har skrive boka «Farvel Norge» – om hans spådom om velferdsstatens framtidige kollaps. Hustad er overtydd om at migrasjonskrisa vil framskynde velferdsstatens fall.
– Det er hovudsakleg innvandringa som vil føre til kollapsen til velferdsstaten. Om berre eit par år har migrasjonskrisa, dersom ho forblir like stor som i dag, påført oss ein kostnad like stor som heile oljefondet. Då kollapsar heile systemet relativt fort, seier Hustad.
– Norge om 10-15 år vil vere eit kaldare og kaldare samfunn, det er diverre vegen det går.
Hustad er også bekymra over andre sider av innvandringa, noko han gav uttrykk for i eit ærleg og personleg innlegg på nettavisa Medier24 tidlegare i haust. Her spår han at innvandringa vil gjere Norge til eit samfunn med mindre demokrati, mindre ytringsfridom, meir vald og meir ekstremisme.
– Forskarar reknar med at av 100 muslimar får me ein til to ekstremistar. Tek me inn 100.000 i året er det jo berre å rekna på kor mange ekstremistar me får ekstra, seier Hustad.
Han peiker på at integreringa for dei som kjem no vil bli langt dårlegare enn dei innvandrarane som har kome dei siste tiåre, rett og slett på grunn av mengda.
– Jo fleire som kjem jo vanskelegare blir det å integrere dei. Dei kjem i så store mengder at dei ikkje vil oppleve det same integreringspresset i det norske samfunnet som dei som kom på 1980- og 1990-talet. Det vil gjere at dei også blir dårlegare integrert. Dei vil bu i innvandrarbydelar og gå i innvandrarklassar, og merke mykje mindre til det norske samfunnet enn kva den første generasjonen med innvandrarar gjorde.
Han tror dette vil føre til ein gradvis forverring av ytringsfridomen i det norske samfunnet.
– Ytringsfridom i Europa er under press, og det er stort sett av islamistar. Redaktørar tek ikkje risikoen på å kritisere islam hardt og brutalt, fordi dei veit at det kan slå tilbake. Jo større risiko det er for å ytre seg, jo færre folk kjem til å ytre seg.
Hustad gir heller ikkje norsk media gode skussmål i måten dei har omtala migrasjonskrisen, og kjem med spesiell hard kritikk til NRK, som han i haust bestemte seg for å boikotte.
– NRK er jamnt over dårleg, og veldig prega av SV-segmentet i offentlegheita. For å spissformulere det så er NRK staden der Dagblad-tilsette dreg for å døy.
Faktaboks
Framtida.no har byrja å samarbeida med podcasten Uten Filter, og vil publisera fleire episodar framover i haust.
Jonas Sætre står bak podkasten og har ansvaret for innhald og produksjon. Sætre har tidlegare jobba som nyheitsjournalist i NRK, Dagbladet, Aftenposten og Bergens Tidende, og arbeidd frilans for ei rekkje publikasjonar. Av utdanning har han ein bachelor i historie, med spesialisering i amerikansk politisk historie, mellom anna frå American Univerisity i Washington, D.C.