Walid Al-Kubaisi gjekk bort 31.juli. Me trykker opp att saka: «Tek eit oppgjer med norsk islamdebatt»

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det brenn i islams hus, vert det sagt om dagen. Terroråtak i Europa, framveksten av IS, overgrepssakene i Köln og i Sverige har det siste året ført til at det å uttrykke motstand mot islam er blitt mainstream, medan forsoning mellom Vesten og islam verkar stadig vanskelegare. Men i det store biletet – har eigentleg islam forandra seg?

Få i Noreg er betre til å svare på dette enn forfattar og skribent Walid Al-Kubaisi. Som politisk flyktning kom han til Noreg frå Irak, og har skrive ei rekkje bøker og artiklar der islam og tilhøva i Midtausten er tema.

Al-Kubaisi, som sjølv har markert seg som ein knallhard motstandar av dei fundamentalistiske kreftene i islam, meiner det ikkje har skjedd vesentlege endringar i tilhøvet mellom Vesten og islam.

– Det har ikkje skjedd store endringar i tilhøvet mellom Vesten og islam, trass i at det ser slik ut i media. Det er framleis to frontar som kolliderer når det gjeld islam, seier forfattaren, og viser til at om lag 50 prosent av norske muslimar er sekulære.

LES OGSÅ: – Pegida er likare enn islamistane enn dei trur

Forfattaren er kritisk til den offentlege debatten om islam i Noreg, der han meiner vestlege politikarar er svært selektive i måten dei tilnærmar seg islamspørsmål.

– Både i Vesten og i islam er det eit mangfald av forskjellige synspunkt, og det finst mange punkter som møtast. Du kan finne islamistar som deler USA-hat med vestlege venstreradikale. Du kan finne sekulære muslimar som meiner at vestlege ideal er universelle, og som også gjeld muslimar. Du kan finne religionskritikarar med islamsk bakgrunn som er einig med Hege Storhaug. Du kan finne islamistar som Det muslimske brorskapet som samarbeider med Vesten og USA, medan andre islamistar som IS er blitt fiendar med Vesten.

Etter at flyktningbølgja for alvor slo inn over Noreg reagerer Al-Kubaisi på korleis norsk media har dekka krisa, ved først å vere overdrivent positiv til innvandringa for å så snu når ein ser at talet på asylsøkjarar byrjar å bli uhandterbart.

LES OGSÅ: Meiner muslimhat kan styrkja jihadistar

– Norsk media er selektiv og einsidig, og for å setje det på spissen, fundamentalistisk og partisk. Norsk media manglar nyansar, og når media køyrer ein dekning som er overdriven positiv til innvandrarar, så ser media på ein kvar kritisk protest som rasistisk. Men når media plutseleg skiftar haldning så ser dei på eit kvart forsøk på å nyansere mediakøyret som feig.

Forfattaren reagerer på at det han meiner er det viktigaste elementet i islam- og flyktningdebatten aldri vert diskutert i Noreg. Nemlig korleis vestleg innblanding og krigføring i Midtausten er ein direkte årsak til flyktningstraumen.

– Vesten vil ikkje innsjå at flyktningebølgja frå 2001 til no er ein konsekvens av amerikansk politikk i Midtausten. Vesten har ønskt å kontrollere og styre krisen i Midtausten, men ikkje å løyse den. Det er ikkje slik som europearar trur, at flyktningane kjem for å betre sine økonomiske vilkår. Det er heller ikkje slik at flyktningane har flykta frå despotiske regime, då ville dei reist før. Men dei har flykta på grunn av amerikanske krigar og vestens politikk i Midtausten.

Høyr også Walid Al-Kubaisi snakke om sine møte med IS-sympatisørar, kva han trur om framtida og kvifor han trur det er essensielt at Vesten tek eit oppgjer med seg sjølv for å hindre ein framtid med stadig meir vald og terroråtak.

LES OGSÅ: Utnyttar sårbare ungdommar til terror

Faktaboks

Framtida.no har byrja å samarbeida med podcasten Uten Filter, og vil publisera fleire episodar framover i haust.

Jonas Sætre står bak podkasten og har ansvaret for innhald og produksjon. Sætre har tidlegare jobba som nyheitsjournalist i NRK, Dagbladet, Aftenposten og Bergens Tidende, og arbeidd frilans for ei rekkje publikasjonar. Av utdanning har han ein bachelor i historie, med spesialisering i amerikansk politisk historie, mellom anna frå American Univerisity i Washington, D.C.