Må kutte 40 prosent av utsleppa frå landbruk og transport.

mm

EU-kommisjonen foreslår at Noreg skal kutte utsleppa frå landbruk og transport med 40 prosent frå 2005 til 2030.

– Det er viktig ikkje minst for den grøne omstillinga i norsk næringsliv at vi har eit føreseieleg klimarammeverk på line med våre næraste handelspartnarar i Europa. Målet på 40 prosent var venta, og vil bety auka farten på norsk klimapolitikk, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen i ei pressemelding.

LES OGSÅ:CO2-fanging kan endra norsk økonomi totalt

Han legg til at Noreg sitt klimamål blir mykje meir bindande enn tidlegare, med utslippsbudsjett, årleg rapportering og femårige oppgjer av rekneskap for utslepp

– Noreg vil oppfylle målet gjennom ein blanding av tiltak heime og ved å gjennomføre utsleppskutt i andre europeiske land, men må vere førebudd på at brorparten av kutta må takast heime, seier Helgesen.

Eit kuttmål på 40 prosent i ikkje-kvotepliktig sektor er det høgaste målet eit land kan få og kjem sidan Noreg er eit rikt land.

LES OGSÅ:Bli med inn i Noregs eldste is – før det er for seint

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE