Ragnhild Sofie Selstø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Påtvunge, undertrykkande og seksualiserande. Eller?

Nora Mehsen.

Nora Mehsen. Foto: Ragnhild Sofie Selstø

Nora Mehsen (28): – Hovudplagget har vore ein del av prosessen om finne ut av kven eg er og kor eg kjem frå. Det er eit symbol på at eg er stolt av den eg er. Då eg var liten følte eg skam over at eg var muslim, men no synest eg det er noko som må feirast. Det er ikkje alle som skjønar at eg er muslim på grunn av måten eg knyter den på. Eg har for eksempel blitt spurt om eg er sikh. Men det synest eg eigentleg er fint, eg. Det kan være sunt å ikkje klara å plassera folk i ein bås ved første augekast, fordi det gjer deg bevisst på fordommane du kan sitte på og skapar rom for større mangfald.

Fra høgre: Naima (17), Shukri (17) og Ikhra (16).

Fra høgre: Naima (17), Ikhra (16) og Shukri (17). Foto: Ragnhild Sofie Selstø

Naima (17): – Eg går med hijab fordi det følgjer med religionen min. I tillegg er det komfortabel å gå med. Det er ein del av meg, eg kan ikkje berre ta den av … eller, det blir feil å seie – eg kan ikkje berre slutte å gå med den. Politikarane seier mykje feil om hijab, spesielt Sylvi Listhaug seier masse crazy. Dei snakkar alltid om oss, aldri med oss!

Ikhra (16): – Eg elskar hijaben min. Eg føler den dekker til skjønnheita mi, som er veldig dyrebar for meg. Eg hadde eigentlig lyst å bli politi, men det kan eg ikkje når eg har hijab. Det er ganske dumt synest eg, men eg kan ikkje slutte med hijab av den grunn.

Shukri (17): – Same her. Hijaben får meg til å føle meg vakker.

Gurkaran Singh (28)

Gurkaran Singh (28). Foto: Ragnhild Sofie Selstø

Gurkaran Singh (28): – Me sikhar er alle barn av guruen. Å ha turban er ein måte å vise det på. Me skal vera litt som politifolk, me vil at folk skal sjå oss. Eg blei sikh for 3 år sidan, og begynte først å gå med bandana. Eg blei oppmuntra av dei i tempelet å gå med skikkelig turban, så den tok eg på for 1,5 år sidan. Det var skummelt i begynnelsen og mange folk på gata stirra, men det var mest meg sjølv som var hinderet. Eg var redd for kva familie og vener skulle synest. No merker eg ikkje lenger at folk ser på meg.

Zainab (18) og Hana (19).

Zainab (18) og Hana (19). Foto: Ragnhild Sofie Selstø

Zainab (18): – Eg går med hijab på grunn av trua mi. Eg knyter den bak i nakken fordi eg ikkje får til å lage den like fint sånn Hana har den. Eg begynte å gå med hijab i 5. klasse, men då hadde eg den ikkje på kver dag. Det gjer eg no.

Hana (19): – Eg begynte å gå med hijab for 3-4 år sidan fordi mamma synest eg skulle. Det er ein vane, og rart å gå utan. Nokon synest det er ubehageleg på sommaren når det er varmt, men eg synest det går heilt fint, eg.


  • FÅ OGSÅ MED DEG: 

– Det finst 5 millionar ulike måtar å vera norsk på

Listhaug: – Det er ikkje akseptabelt at unge jenter får hatmeldingar og blir trakasserte for å ha på hijab

«Når du skal ha sex, skal du ha på deg hijaben då?»