Du skal vel stemme?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Stortingsvalet 2017. Det er over alt i media – det er debattar på TV, politikarar som kranglar, annonsar på sosiale media og filter på Snapchat. I tillegg er gatene fulle av politikarar som ynskjer å overtyde nettopp deg til å stemme deira parti. Det er kanskje mykje. Det er kanskje masete. Du føler kanskje at du druknar i eit hav av brosjyrar, lovord og politiske argument. Men så er det så utruleg viktig, også. Det er viktig å drukne litt, men samtidig halde hovudet høgt nok over vatnet til at du får puste. Det skal vere forvirrande og kanskje litt vanskeleg, men det er mogleg å symje.

Viss du kjenner deg att i det som er nemnt ovanfor, viss du kjenner at du held på å miste motet og ikkje orkar meir snakk om verken stortingsval eller politikk forøvrig, så førebu deg no. For dette er det punktet der eg skal fortelje deg det same som alle andre fortel deg. Det du til no har høyrt så mange gonger at øyrene dine skrik kvar gong du må høyre det igjen. Det nye mottoet til alle i Noreg som engasjerer seg i valet; Nemleg at du må stemme. Det er ingen alternativ, ingen unnskyldningar – du må stemme. Og no skal eg fortelje deg kvifor.

Aller først må du stemme fordi me er så forbanna heldige å bu i eit demokrati. I eit samfunn der «folket bestemmer», og der stemma di faktisk tel. Du må stemme fordi at når me er så privilegerte som me er, så meiner eg det er viktig å ta vare på det privilegiet. Ikkje ta det for gitt, for det er så mange andre som ville gitt mykje for den same moglegheita. Det at me bur i Noreg, i eit demokratisk og rettferdig land, er berre rein flaks. Me har vunne det store lotteriet som er livet, der gevinstane er fridom, rettferd, og moglegheita til å vere med å bestemme. Tenk litt på det, på kor utruleg heldige me er, og kor fint det er at me har eit styresett som seier at alle skal få seie si meining. Og etter du har tenkt på det ei lita stund, så går du og stemmer.

Den neste grunnen til at du må stemme, er fordi me stemmer på framtida. Du kan vere med på å bestemme korleis di og vår framtid skal bli, noko eg meiner dei fleste bør ynskje å ta del i. Dette er ei framtid som du sjølv skal leve i, og deretter barna og barnebarna dine. Det fins alltids noko som kan bli betre, og då må du identifisere dei utfordringane du meiner er størst i Noreg i dag, og finne det partiet som vil kjempe for dei løysingane du meiner er dei beste. Finn dine hjertesaker, for skal du leite til du finn nokon du er samde med i alt, så blir du fort leitande lenge. Kva meiner du trengs for å gjere Noreg enda betre? Og for all del, ikkje gløym at dersom du ikkje stemmer, gir du offisielt frå deg all klagerett dei kommande fire åra. For det er faktisk ikkje lov til å klage, når du ikkje nytta den moglegheita du hadde, til å forandre.

Til slutt må me hugse at det faktisk er mogleg å stemme blankt. Dette trur eg mange gløymer, og dei nyttar det at dei ikkje finn eit parti dei er samde med, og som dei ynskjer å stemme på, som ein unnskyldning til at dei ikkje stemmer i det heile teke. Personleg meiner eg at det ikkje held. På dette punktet er det nok mange delte meiningar, men sjølv meiner eg at ei blank stemme, er betre enn inga stemme. Dersom du absolutt ikkje finn eit parti du kunne tenkje deg å stemme på, så er faktisk det å stemme blankt eit alternativ. Stemmer du blankt, så seier du i det minste noko, nemleg at du ikkje kan seie deg samd i nokon av dagens politiske parti. Du viser engasjement, og du viser at du bryr deg, og eg meiner det er mykje betre enn å berre la vere å putte ein seddel i urna.

Er du endå ikkje overtyda om du skal utføre di borgarplikt eller ikkje, så tenk litt over det no. Bruk litt tid. Orienter deg litt i det politiske landskapet. Det treng ikkje vere så vanskeleg – det fins blant anna ein haug valgomatar du kan prøve, dersom du er usikker. Og tenk også på at neste gong du får spørsmålet «Du skal vel stemme?», så kan du med godt samvit svare «ja, det skal eg», i staden for å måtte stå i argumentasjonsstormen som kjem dersom du seier nei.

Godt val!