2050: Meir plast i sjøen enn fisk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Dagens bruk og kast av plast i verda gjer både stor skade i naturen og fører til store økonomiske tap, ifølge rapporten.

Minst åtte millionar tonn plast endar kvart år i verdshava, og det meste er eingongsemballasje. Det betyr at 95 prosent av plastmateriala, til ein årleg verdi av mellom 700 og 1.000 milliardar kroner, vert kasta bort.

Viss utviklinga held fram, vil det vere meir plastavfall enn fisk i verdshava i 2050, målt etter vekt.

LES OGSÅ: Elif (16) lagar plastikk av bananskal

Uroa
I Noreg har forskarane lenge vore uroa for plast på stader der den ikkje bør vere.

– Dei økologiske konsekvensane av søppel i hava er alvorlege. Dyr som bevegar seg langs strendene går seg fast og døyr i tau- og garnrestar. Dei kan også døy fordi dei har ete plastbitar som flyt i sjøen, skriv forskar Geir Wing Gabrielsen i ein artikkel for Norsk Polarinstitutt.

Eit anna problem er at plast vert brote ned til mikropartiklar som dyr og marine næringskjeder tar opp i seg, legg han til.

– Dette kan verte overført frå plankton til fisk – og ende hos dyr og menneske som et fisk. Plast inneheld ein rekke organiske miljøgifter, understrekar Wing Gabrielsen.

Forskarane meiner at marin forsøpling drep meir enn éin million sjøfuglar kvart år, og i Nordsjøen reknar ein med at 95 prosent av havhestane har plast i magen.

LES OGSÅ: LEGO vil droppa plasten

Fiskar opp plasten
Talsperson Rasmus Hansson frå Miljøpartiet Dei Grøne meiner plastforureining er ein enorm dyre- og miljøtragedie som trugar havet som matfat.

– Plasten vert broten ned og endar til slutt opp på matbordet. Søppel frå store delar av Europa følgjer kyststraumen og driv i land langs norskekysten. Å få bukt med problema krev både lokale tiltak og internasjonalt samarbeid på regjeringsnivå, understrekar Hansson.

– I år startar prøveprosjektet «Fishing For Litter» i Lofoten. Ordninga inneber at fiskarar vil ta søppel dei får i reiskapane sine til land, slik at avfallet vert registeret og teke hand om på ein forsvarleg måte. Dette er et tiltak vi ønsker meir av, seier Hansson.

Resirkulere
Det finst ifølge WEF-forskarane måtar å bremse utviklinga på, blant anna ved å resirkulere, eller å forby eller avgrense bruken. Dessutan kan ein nytte andre materialar og utvikle nye teknologiar. WEF understrekar den økonomiske vinsten med å ta vare på plasten.

Bangladesh var i 2002 det første landet som forbaud bruk av plastposar, etter at dei hadde funne ut at posane tetta dreneringssystema under storflaumar. Rwanda og Kina følgde etter i 2008. Dette førte til ein årleg reduksjon av rundt 40 milliardar plastposar.

I dag vert berre 14 prosent av plastemballasjen i verda samla inn for gjenbruk. Til samanlikning er den globale gjenbruksprosenten for papir oppe i 58 prosent, medan den for jarn og stål ligg på mellom 70 og 90 prosent.

Noreg har høg gjenvinning av plast. Ifølgje dei siste tala frå Miljødirektoratet vart rundt 94 prosent av plastemballasjen gjenvunne i 2014, og av dette gjekk omtrent 42 prosent til materialgjenvinning.