Venstre ligg 600 stemmer over sperregrensa

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gjennomsnittet av meiningsmålingane dei siste sju dagane viser at det i praksis er dødt løp mellom blokkene. Basert på snittet som vert utarbeidd av Poll of polls , ligg Arbeidarpartiet, SV, Senterpartiet, MDG og Raudt an til å få 85 mandat – mot 84 til Høgre, Framstegspartiet, Venstre og KrF.

For første gong så langt i valkampen er Venstre i augneblinken over sperregrensa når det vert rekna eit gjennomsnitt av siste publiserte måling frå kvart institutt den siste veka. Marginane er ørsmå. Venstres vekesnitt er 4,02 prosent. Det svarar til litt under 600 veljarar – dersom ein legg talet på avgåtte stemmer ved stortingsvalet i 2013 til grunn.

Bestemmer seg seint

Samtidig er det rekordmange tvilarar blant oss. Tala frå den siste Norstat-målinga for NRK viser at 640.000 veljarar ikkje har bestemt seg. Ei snau veke før valet for fire år sidan var 475.000 veljarar framleis usikre.

At mange veljarar bestemmer seg seint, er ikkje noko nytt. For fire år sidan var det over ein kvart million veljarar som først bestemte seg valdagen.

Men eit trekk ved årets valkamp er at særleg Arbeidarpartiet har ein høg del tidlegare veljarar som framleis tel på knappane. Rundt 100.000 av Aps 2013-veljarar er enno ikkje mobiliserte, ifølgje anslaga. Det er uvanleg for eit parti som normalt har høgare lojalitet i veljargruppa.

LES OGSÅ: Venstre ser mot høgre

Tendensane

Gjennom valkampen har Arbeidarpartiet hatt ei fallande kurve, Framstegspartiet har styrkt seg og Miljøpartiet Dei Grøne har så vidt klatra over sperregrensa. Høgrest oppslutning har vore stabil.

Venstre er i vekst, men langt frå på trygg grunn. SV ser ut til å ha sikra ein viss avstand ned til sperregrensa. KrF ligg stabilt, men hårfint over. Sp har mista litt av farten, men ser framleis ut til å kunne gjere eit sterkt val. Raudt har framleis eit stykke å gå før 4-talet er innan rekkevidde.

Tettar seg til

Ei veke etter at årets valkamp for alvor vart sparka i gang med den første TV-sende partileiardebatten frå Arendal, låg Ap, SV, Sp, MDG og Raudt an til å få fleirtal med 89 mandat, mot 80 til Høgre, Frp, Venstre og KrF.

Snautt tre veker seinare har forspranget krympa til 85–84.

Oppslutninga om partia i gjennomsnitt på målingane den siste veka er slik, med mandat i parentes: Ap 26,9 (48), Høgre 24 (41), Frp 15,6 (28), Sp 9,7 (17), KrF 4,9 (8), Venstre 4,0 (7), MDG 4,4 (8), Raudt 3,4 (2), andre 1,7 (0).

Dersom Venstres oppslutning vert justert til 3,99 prosent og dei andre partia vert haldne uendra – vert styrkeforholdet endra mellom blokkene til 87 raudgrønt inkludert MDG og Raudt mot 82 til dei borgarlege.

LES OGSÅ: No kan du førehandsstemme