Venstre ser mot høgre

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var under ein pressekonferanse onsdag med dei fire borgarlege partileiarane at orda fall. Det siste interne partileiarmøtet før sommaren var ferdig og ei lang skryteliste etter fire års samarbeid skulle presenterast.

For pressa var det naturleg å spørja kvifor Venstre og KrF vil kvitta seg med den noverande regjeringa viss resultata er så gode.

– Vi har vist at vi klarar å samarbeida alle fire. Vi ønskjer oss heller ei blågrøn regjering, men skal nok klara å samarbeida på borgarleg side uansett, svarte Grande.

– Positivt

Frp-leiar Siv Jensen seier ho tolkar bodskapen frå Grande som «veldig positivt».

– Det er ei erkjenning av at samarbeidet mellom oss dei siste fire åra har fungert. Alle parti har fått gjennomslag, sa ho til NTB etter pressekonferansen.

KrF og Venstre vil begge aller helst inn i ei Høgre-leidd regjering utan Frp. Men Frp er allereie i regjering, og Jensen er tydeleg på at ho ikkje vil støtta ei regjering ho sjølv ikkje er del av.

– Reknar du med at Venstre no vil halda fram å støtta ei regjering der Høgre og Frp inngår, etter valet?

– Bodskapen frå oss fire er svært tydeleg: Det ikkjesosialistiske samarbeidet har fungert godt i fire år. Det er ingen grunn til at det ikkje skal halda fram i fire nye år, seier ho.

Blågrøn

Venstre-leiar Trine Skei Grande fekk etter pressekonferansen rikeleg med tid til å korrigera inntrykket ho gav eller utdjupa bodskapen sin.

– Eg håpar at Venstre blir stort og kan gå inn i ei blågrøn regjering. Men det er soleklart at vi kan visa til stort gjennomslag i mange saker som vi ikkje hadde fått til på den andre sida av politikken, sa ho.

Grande vedgår at det gjekk trått i haust og at budsjettforhandlingane var nær ved å havarera. Men at tonen frå Venstre dei siste vekene har blitt langt meir positiv, er ikkje først og fremst ein valkampstrategi, seier ho.

– Vi hadde ein dårleg haust, men har fått til svært mykje både før og etter det. Revidert nasjonalbudsjett var ein svært god start, seier Grande.

Stolt Hareide

Der Venstre-leiaren spesielt trekte fram gründersatsinga som noko å vera stolt av frå dei siste fire åra, peikte KrF-leiar Knut Arild Hareide på innsatsen innan skule, integrering og det frivillige.

Men i motsetnad til Grande snakka KrF-leiaren også om det han er mindre nøgd med – som distrikts- og landbrukspolitikken. Han gjekk heller ikkje like langt som Grande i å ymta om at KrF kan halda fram i rolla som støtteparti. Dei to partia har den siste tida skilt lag i fleire store spørsmål på Stortinget.

– Vi trur det kan bli endå betre med ei sentrum-Høgre-regjering, der KrF inngår. Dette forpliktar oss etter valet, seier Hareide, som strekar under at Erna Solberg i Høgre er den heilt naturlege statsministerkandidaten for han.

Fire parti

Statsminister Erna Solberg (H) starta pressekonferansen onsdag med å slå fast at regjeringa har lykkast i å gjera Noreg “grønare, smartare og meir nyskapande”.

– Trass oljeprisfall og migrasjonskrise går arbeidsløysa ned og veksten opp, sa Solberg.

På spørsmål om kvifor dei fire partia ikkje nytta høvet til å presentera nye lovnader eller nye satsingar, viste ho til at Stortinget denne våren har vedteke fleire saker som vil slå inn i neste periode.

– Mange av vedtaka er ikkje gjennomført enno, men dei kan bli reversert og snudd på hovudet dersom dei raudgrøne tek over, la Jensen til.

(©NPK)