Stortingsvalet er i gang – no kan du førehandsstemme

Framtida
Publisert
Oppdatert 29.08.2017 12:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ved stortingsvalet i 2013 var det 855.255 personar som førehandsstemte. Det var ein kraftig auke frå 473.000 førehandsstemmer i 2005.

– Førehandsstemming er blitt stadig meir populært. Veit vi kvifor?

– Ein viktig grunn er at kommunane legg betre til rette for førehandsstemming. Det er for eksempel mogleg mange stadar å førehandsstemme på kjøpesenter, trafikk-knutepunkt, i gågater og liknande. Dermed er det blitt lettare og meir tilgjengeleg for innbyggjarane, seier kommunalminister Jan Tore Sanner (H) til NTB.

Han fortel at kommunane har ansvaret for å annonsere førehandsstemming, bestemme opningstider og fortelje innbyggjarane korleis dei kan førehandsstemme.

– I år kan ein altså førehandsstemme frå og med torsdag 10. august til og med fredag 8. september, seier Sanner.

Alle kan førehandsstemme

– Kan ein førehandsstemme kvar ein vil?

– Du kan førehandsstemme i kva som helst kommune, uavhengig av kvar du bur. Det er ein fordel, men ikkje nødvendig, å ta med valkortet. Men hugs legitimasjon. Og etter fredag 8. september kan du berre stemme der du var folkeregistrert busett per 30. juni i år.

– Kven passar det best for å førehandsstemme?

– For eksempel dersom du har praktiske utfordringar med å stemme på valdagen. Tidlegare var det nok mange som var på reise under valet, som førehandsstemte. Men dersom du for eksempel jobbar i ein annan kommune enn der du bur og er usikker på om tida strekkjer til på valdagen, då bør du vurdere å nytte moglegheita til å førehandsstemme.

Ingen angrerett

– Kan ein angre på ei førehandsstemme dersom ein endrar meining i valkampen?

– Nei. Dersom du har førehandsstemt, så har du stemt. Ei førehandsstemme er like viktig og like alvorleg som å stemme på valdagen.

– Kjem statsråd Sanner sjølv til å førehandsstemme i år?

– Eg veit om mange politikarar som førehandsstemmer. Det er jo greitt dersom ein skal vere i Oslo og ikkje i heimkommunen på valdagen. For min eigen del veit eg at eg har god tid valdagen, for då driv vi ikkje valkamp. Men hadde eg vore det minste i tvil om eg ville rekke det, så ville eg ha førehandsstemt.