Dubie Toa-Kwapong
Publisert
Oppdatert 04.10.2018 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Over 500 menneske har mista livet. Meir enn 600 er rapportert sakna. Dødstalet vil sannsynleg ligge på over 1000 når alle dei bortkomne vert funne.

Likhusa i byen fløymer over, og med avgrensa ressursar til å handtere situasjonen har ikkje folk i Freetown noko anna val enn å dumpe dei døde i massegravar. Knappe tre år etter å ha vore episenteret for Ebola-utbrotet i 2014 står Sierra Leone no overfor ei ny katastrofe med store sosiale, økonomiske og politiske utfordringar.

For mange byar i det vestlege Afrika betyr regnsesongen ofte flaumar i storbyane. Resultatet blir ofte stor øydelegging og tap av menneskeliv. Byar som Freetown, Accra og Lagos har utdaterte urbane planleggingsmodellar som ikkje passar til landa. Anten stammar dei frå den koloniale perioden, eller så er dei utforma på ein måte som ikkje passar byar som er prega av kraftige tropiske stormar kvart år.

Byane i regionen har ofte dårleg, eller ikkje-eksisterande, system for avfallshandtering. Som resultat vert forsøpling eit stort problem. Når det byrjar å regne renn søppelet inn i og tettar dei utilstrekkelege og elendige dreneringssystema. Kvart år døyr hundrevis av vest-afrikanske bybuarar på grunn av «urbane katastrofar» som lett kan hindrast med betre planlegging og beredskap.

Folk frå Sierra Leone, og særleg dei frå hovudstaden, er ikkje overraska over det som har hendt. Mange uttrykkjer heller ei utmatting med konstant liding som kan forhindrast om leiarane i landet er villige til å ta tak i problema og kome med effektive løysingar til dei. Dette skreiv min venn, Joseph Kaifala, ein advokat og forfattar frå Freetown, på bloggen sin i eit utlegg med tittelen «Living From Tragedy to Tragedy»:

“As the dead bury their dead after every tragedy, we live with the knowledge that it could have been us, for in a land of poverty and disorder, we are all next. The rainy season is not yet over […]. If my human observations are accurate, our next fear should be cholera or diarrhea. Those who think an outbreak of disease, without preemption, is not possible, have not seen the pile of corpses at the mortuary.”

LES OGSÅ: Har Afrika eit siviliseringsproblem?

Kaifala har diverre rett i at sjukdommar som kolera kan kome som ein ny trussel for Freetown sine borgarar i vekene og månadane framover. Det spørst om regjeringa vil gripe inn denne gongen. For dei som vil og kan å støtte redningsarbeidet som no er i gang i Freetown, er det mogleg å gjere.

Nedanfor finn de lenkjer til to lokale organisasjonar:

Takk til Freetown-borgarar, Joseph Kaifala og Musa Komeh Bernard for sine innspel i denne artikkelen.

Video som syner katastrofen. Video: Abolade Ishol/Youtube.

LES OGSÅ: Her hamnar e-søppelet ditt