Sp vil reversere togreforma

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi er ikkje redde for å få reverseringsstempelet. Om vi synest noko er dumt, gjer vi berre om på det, seier Sp-leiaren til Nationen.

Vedum meiner jernbanereforma hovudsakleg har skapt meir byråkrati, i tillegg til å spreie ansvaret for problem utover fleire instansar.

Regjeringas jernbanereform tredde i kraft på nyåret. Då fekk Bane Nor ansvaret for jernbaneinfrastrukturen, og NSB ansvar for drifta av toga. Det nye selskapet Entur står for billettdrifta.

LES OGSÅ: Buss for tog kostar 100 millionar

Heller ikkje Sps moglege regjeringspartnar Arbeidarpartiet er imponerte over reforma.

– Det er ikkje garantert at det skjer endringar i den noverande strukturen, men vi har sagt at vi ikkje legg ut nye strekningar til konkurranse. Vi vil vidareutvikle, ikkje avvikle NSB, slik denne regjeringa vil, seier Aps stortingsrepresentant Eirik Sivertsen, som er nestleiar i transportkomiteen, til avisa.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) avviser kritikken.

– Ap og Sp må snart slutte med å skremme veljarar til å stemme på dei. Vi har rekordvekst i talet på avgangar, reisande og selde billettar, seier Solvik-Olsen.

LES OGSÅ: Rekordmange tok toget