(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

Størst auke av lokaltogrutene hadde strekninga mellom Porsgrunn og Notodden, som auka med 26,8 prosent i 2015. Blant regiontoga hadde Vestfoldbanen på strekninga Eidsvoll – Skien størst auke, med ein vekst på 21,9 prosent, melder NSB.

LES OGSÅ: Uroa over rekordstor auke i togtrafikken

– Vi har som mål å gjere togreiser best mogleg for flest mogleg, spesielt for dei mange som skal til og frå jobb kvar dag. Vi ser at kundane er meir nøgde med oss på våre kundeundersøkingar, men framleis jobbar vi hardt for at kundane skal få endå betre tilbod og service, seier konserndirektør og leiar for NSB Persontog Tom Ingulstad i ei pressemelding.

Det er lokaltoga i Oslo-området som har flest passasjerar. På desse strekningane var oppgangen på 7,3 prosent og totalt frakta desse lokaltoga 43,9 millionar passasjerar.

Regiontoga på Vestfoldbanen frakta 4,6 millionar passasjerar mellom Eidsvoll og Skien i fjor, noko som altså gav den største auken på 21,9 prosent.

LES OGSÅ: Besteforeldre i klimatog til Paris

Nokre strekningar melder også om lågare trafikk i 2015 enn i 2014. Størst tilbakegang blant regiontoga hadde Raumabanen på strekninga mellom Dombås og Åndalsnes, som frakta 112.000 passasjerar i fjor, ein tilbakegang på 3,8 prosent.

Blant lokaltoga var det størst tilbakegang på strekninga mellom Bergen og Arna, med 7,5 prosent færre passasjerar, totalt 619.000 i fjor. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

LES OGSÅ

ANNONSE