Slik blir id feira rundt om i verda
Frå Bangladesh til Athen feirar muslimane slutten på fastemånaden ramadan.
Torsdag og fredag denne veka har millionar av muslimar feira id al-fitr, som markerer slutten på fastemånaden ramadan.
Viktige førebuingar
Før ein stor fest, må ein ha maten klar. Her ber ei jente eit fat med tradisjonelle id-kjeks i Gaza by.
Dagen det er id varierer frå år til år, fordi den muslimske kalenderen følgjer månen.
Id al-fitr blir feira på den fyrste dagen i den tiande månaden shawwall.
Mange reiser heim til familiane sine for å feire id med dei, som desse reisande i Bangladesh.
Ein dag for familie
Fordi islam er ein stor religion, blir ikkje id feira heilt likt i alle land, og mange har lokale tradisjonar.
Likevel er det nokre ting som er felles for alle. Bønn og refleksjon er ein viktig del av fastemånaden, og også festen blir innleia av rituell bønn.
Tidleg på morgonen den fyrste dagen av id ber ein saman, før ein drar heim for å ete og å gi kvarandre gåver. For mange er id ein dag for familie, og nokre kallar det barnas dag.
Id er ikkje feriedag for vaksne i Noreg, men barn kan søke om å få fri frå skulen på id.
Festen etter fasta
Mat er ein viktig del av id, sjølv om land og kulturar har eigne tradisjonsrettar.
Det er likevel mykje søt mat, og i mange land blir høgtida kalla «Sweet Eid», altså søte id, fordi det blir servert så mange søte dessertar og kaker.
Det er vanleg å pynte seg med det finaste ein har, og ofte nye klede.
I fleire land er det òg vanleg å måle hender og armar med henna, slik som denne dama frå Benin har gjort.
Henna er eit naturleg fargestoff laga av blad frå busken henna.
Når alt er klart, kan festen begynne.
Id mubarak!













