Med FrP i regjering opplever me faktisk ei historisk satsing på kollektivtransport og jernbane, skriv Grunde Kreken Almeland frå Unge Venstre i dette svaret til AUF.
Grunde Kreken Almeland
Grunde Kreken Almeland

Sandra Edith Tenud, nestleiar i Sogn og Fjordane AUF, kjem i sitt innlegg («Vi treng ei regjering som faktisk får ned klimautsleppa», red.mrk.) med fleire opplysingar og påstandar eg kan seie meg einig i: Klimagassutsleppa har dei siste fire åra gått ned, men ikkje nok. Fleire i FrP trur ikkje på menneskeskapte klimaendringar. Det å vere klimafornektar høyrer ikkje heime i 2017. Alt dette er ting eg enkelt kan slutte meg til.

Derifrå og ut skil me lag, Sandra og eg. Når ho uttalar at «Noreg fortener ei regjering som tek menneskeskapte klimaendringar på alvor» og føreslår Arbeiderpartiet som alternativ, mistar ho meg og mange med meg. For det er i dag tre parti på Stortinget som tek kampen for klimaet på alvor – Venstre, MDG og SV – og er det éin påstand me samla kan stå bak, så er det at Arbeiderpartiet i sin praktiske politikk er fullt ut grå, og langt i frå grøn.

Frå sin støtteposisjon har Venstre dei siste fire åra sørga for at utsleppa for første gong går ned som følge av målretta politiske tiltak. Olje- og gassektoren har tidlegare stått for ei markant auke av utsleppa. No har utsleppa to år på rad gått ned og framskrivingane fram mot 2020 ser veldig positive ut, sjølv med ei vidareføring av dagens ambisjonsnivå.

Vidare er Venstre eit av dei få partia som ser på skatt som eit verkemiddel, heller enn eit politisk krigsrop, og som ynskjer å gjennomføre eit grønt skatteskifte. Tanken om å straffe dei som forureinar, heller enn dei som arbeidar, er allereie i gong. Det er noko Venstre har fått gjennomslag for hos «klimafornektarane i FrP». Og når sant skal seiast: I ei så viktig sak som miljøsaka tek eg med glede eit FrP som ikkje trur men handlar, heller enn eit Arbeidarparti som trur utan å gjere noko som helst.

Med FrP i regjering opplever me faktisk ei historisk satsing på kollektivtransport og jernbane, utsleppa går ned og det grøne skiftet er i gang. På to år har me fått til meir enn kva dei raudgrøne fekk til på åtte år. Uavhengig av kva ein synast om FrP: Det er noko i alle fall eg er stolt av.

AUF er gode på klima. Det hjelper derimot lite utan gjennomslag i moderpartiet.

For Sandra, som er aktiv i AUF, skjønar eg at det er naturleg å ta eigarskap til klimakampen. AUF er gode på klima. Det hjelper derimot lite utan gjennomslag i moderpartiet. Det er trass alt Arbeiderpartiet som AUF kjemper for at folk skal stemme på 11. september. Enn kor mykje AUF ynskjer at Arbeiderpartiet skal gå føre i klimakampen, har dei gjennom ei rekke år vist at dei ikkje evner å ta dei grepa som er naudsynte.

Og om ikkje det er nok: Arbeiderpartiet går til val på ei regjering saman med Senterpartiet og SV. I kulissene lurer Raudt. Om me skal kunne kutte ytterlegare i transportsektoren, som i dag er vår nest største utsleppssektor, må ein auke avgiftene på bilkjøring. Slik situasjonen er akkurat no skal Arbeiderpartiet få det tøft i forhandlingar med Senterpartiet, som bremser denne typen avgifter.

Ei verdsomspennande utfordring som klimakrisen kan ein heller ikkje løyse nasjonalt. Internasjonalt samarbeid er nøkkelen til å få faktiske og markante kutt i klimautsleppa. Omkransa av SP, SV og Rødt som alle stiller seg negative til europeisk klimasamarbeid, er det ikkje så rart at òg Arbeiderpartiet synast å føye seg deretter.

Eg merkar faktisk at Tenuds innlegg provoserte meg. Eit parti som sår tvil om våre overnasjonale klimaforpliktingar og som vil konsekvensutgreie oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja er ikkje eit miljøparti. Så enkelt er det. Arbeiderpartiet kan gjerne få meine kva dei vil og føre sin praktiske politikk i den retninga dei sjølv ynskjer, men då får dei i alle fall vera ærlege om det overfor veljarane.

Klimakampen er for viktig til at ein skal kunne slå politisk mynt på den.

Oppdatert: tysdag 19. september 2017 12.07

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE