Oppmodar alle om å bruka stemmeretten sin

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mats er først litt i tvil om han kjem til å stemma:

– Kanskje om far min tvingar meg, seier han og ler litt. – Eg ser ikkje dei store utfordringane her i landet, og dermed har eg litt problem med å engasjera meg og følgja med i valkampen.

– Har du prøvd ein valgomat?

– Ja, men eg hugsar ikkje heilt kva eg landa på.

Mats tenkjer seg litt om:

– Det er godt mogleg at eg kjem til å stemma likevel.

Tore Jan er derimot heilt bestemt – han skal stemma og det blir Høgre:

– Eg er fornøgd med regjeringa og eg har lenge vore bestemt på at eg vil stemma Høgre.

For Tore Jan sin del passar det godt at det er stortingsval det handlar om når han skal gå til valurna for første gong.

– Eg synest det er meir interessant med stortingsval enn kommune- og fylkestingsval.

– Og korleis er det å vera førstegongsveljar?

– Det er kjekt å kunna påverka politikken, og det er viktig å ivareta demokratiet, meiner Tore Jan.

Erlend har bestemt seg for at han skal stemma:

– Eg er opptatt av tema som formueskatt og skatt generelt. Privat sektor er veldig viktig for å skapa arbeidsplassar. Valet mitt blir blått, men eg har ikkje heilt bestemt meg for parti.

Ole Kristian har ikkje bestemt seg for parti, men seier han kjem til å stemma.

– Eg må lesa meg litt opp før valet. Truleg landar eg på den politiske høgresida.

Tore Jan vaknar og drar i gang valkamp for Høgre på direkten, i håp om å overtyda Ole Kristian og Erlend.

– Er du med i Unge Høgre?

– Nei, eg trur ikkje eg kjem til å melda meg inn, men eg er engasjert i politikk, ja, kjem det frå den overtydde høgremannen.

LES OGSÅ: Generasjonsfreden

Viktig tema

Dei fire fortel at det står ein del val-stoff på timeplanen denne og neste veke.

– Det er viktig at skulen tar tak i det, meiner Ole Kristian.

Erlend meiner det kunne vore endå meir:

– Eg synest skulen kunne lært oss meir om kva kvart einskild parti står for – det trur eg hadde vore til god hjelp og kunne fått fleire til å stemma.

Tore Jan får siste ordet:

– Me oppfordrar alle førstegongsveljarar til å stemma, sant? seier han og får stadfestande nikk frå dei tre andre.

– Bruk stemmeretten!

Meir val-undervising enn nokon gong

Leiar i KVV sin valkomité, Dag Sigurd Gregersen (t.v.) , er oppteken av å få elevane til å engasjera seg politisk.
Leiar i KVV sin valkomité, Dag Sigurd Gregersen (t.v.) , er oppteken av å få elevane til å engasjera seg politisk.

Leiar for skulevalkomiteen ved KVV, Dag Sigurd Gregersen, trur skulen set ny pers i valførebuing for elevane ved dette valet.

– I samarbeid med valstyret i kommunen blir det høve til førehandsrøysting her på skulen tysdag 5. september, same dag som vi har skuleval. Dagen før blir det partidebatt med ni parti representerte, fortel Gregersen.

Av lokale fjes i paneldebatten kjem Ingrid Handeland for Venstre og Hans Inge Myrvold for Senterpartiet. Partia (Ap, Frp, H, KrF, Sp, SV, V, Rødt, MDG) får to minuttar kvar til innleiing – deretter er det debatt med strengt stoppeklokke-regime. Paneldebatten – der også elevane kan sleppa til med spørsmål – blir arrangert i Kulturhuset Husnes. Til slutt får partia to minutt kvar til sluttord.

Frå skulen si side blir det lagt vekt på følgjande tema: Skulepolitikk, miljø og kva vi skal leva av i framtida.

LES OGSÅ: – Ta inn fleire flyktningar

Gregersen fortel at alle elevane ved KVV får kjennskap til valet, særleg i samfunnsfagtimar, men også i norsktimar. Valordning, demokrati, samt storting og regjering er naturlege tema.

– Og ved skulevalet plar me ha nær på 100% valoppslutnad, smiler Gregersen.

Det er valdeltaking på høgde med Nord Korea, om enn med ei langt meir positiv drivkraft.

– Tredjeklassingane ved studiespesialisering og påbygg har valførebuing i norsktimar, mellom anna brukar dei ein teikneserie som kjem frå valdirektoratet. Vi har elles formidla 4–5 valgomatar, og har også brukt NRK sin veldig gode fjernsynsserie «Leo tar valget». Miniserien er frå 2013 – men like aktuell no, seier Gregersen.

LES OGSÅ: Andregongsveljarar dårlegast på å stemme

Les saka i Kvinnheringen