– Ta inn fleire flyktningar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Avisa Nordhordland.

Åsmund Austrheim frå Austrheim og Vibeke Uthaug frå Gulen er begge avgangselevar ved Austrheim vidaregåande skule. Dei er begge førstegongsveljarar, og klare på at stemma skal dei, sjølv om dei synest at politikk og politikarar er ganske så kjedeleg.

– Busstilbod og billettprisar er det som treff meg mest. Saker er viktigare enn personar når ein skal stemma, seier Åsmund som veit kva parti i Austrheim som skal få hans stemme.

– Eit felles samlingspunkt i Sløvåg er viktig for meg. Eg ser at partia ser ulike saker på ulik måte. Eg er litt einig med alle parti på ulike punkt, så det gjeld å finna dei som passar best, seier Vibeke som ikkje heilt har bestemt seg.

LES OGSÅ: Forsking: Vi likar politikarar som byr på seg sjølve

Politisk karisma
På spørsmål om kva dei unge er opptatt av, seier Åsmund at han veit ikkje heilt om det er politikk akkurat. Sjølv likar han å driva med organisert idrett, medan Vibeke likar å lesa og er med i ungdomslag.

– For at eg skal engasjera meg, må det vera noko som er viktig, og som treff meg, seier ho.

– Politikarane må vera tilgjengelege, og nå ut til folk, slik at vi veit kva dei snakkar om, seier Åsmund.

– Dei må vera personlege, og ikkje figurar på ein vegg som ikkje veit noko om deg og korleis du vil ha det. Det er viktig at dei brukar folk som når ut, som ikkje tar seg sjølve så høgtideleg, men viser at dei og gjer feil, seier Vibeke.

Ingen av dei ser ei framtid som politikar, og meiner politikk tar for mykje tid.

– Eg trur heller ikkje at ein har mykje innverknad om ein vert med, seier Åsmund. Han trur det er lettare å få ungdom interessert i lokalpolitikken i byane, då ungdom på bygda gjerne flyttar vekk etter vidaregåande. 

LES OGSÅ: Google kan avgjera valet

Ho vil heim, han tvilar
Sjølv har 18-åringen frå Austrheim planar om å studera historie eller samfunnsvitskap. – Eg ser for meg ei lang studietid, som eg helst vil ha i utlandet, seier Åsmund som er usikker på om han kjem til å flytta heim igjen.

– Det er ikkje så mange moglegheiter her, men kanskje det hadde vore kjekt med ei hytte, seier han og smiler.

Vibeke og satsar på vidare studiar, og held førebels dørene opne.

– Eg vil flytta vekk ei stund for å studera, erfara og oppleva. Men så vil eg tilbake til det nære, koselege bygdemiljøet. Her kan ein spørja naboen om hjelp. Slik er det ikkje i byane, seier ho.

Politikk og menneskerettar
Når Avisa Nordhordland møter dei to, er klassen midt i timen der politikk og menneskerettar står på planen. Nett no gjekk praten om korleis val fungerer, korleis ein stemmer til kommunestyret og fylkestinget, og anna rundt valet.

– Ofte får vi til ganske gode diskusjonar, då vi har ein lærar som er veldig flink til å dra oss i gang, seier Vibeke.

Menneske på flukt er og noko som opptar elevane, får vi vita.

– Vi er opptatt av det, og synest vi bør ta inn fleire flyktningar, seier Åsmund. Han fortel at dei har ein gut i klassen som kjem frå Liberia, og som har vore gjennom mange land før han kom til Noreg og etter kvart til Austrheim for ein del år sidan.

– Det er dumt at folk skal bli frårøva sine rettar. Når det skjer, burde alle land som kan, ta imot flyktningar og hjelpa dei som best ein kan, legg Vibeke til.

LES OGSÅ: Desse 16-åringane får stemma

Mykje det same
Ungdommane har og gjort seg opp nokre tankar om i kva grad folk flest vil merka effekten av valet og eit nytt kommunestyre.

– Det er lett å tenka at det vert mykje det same, då dei fleste parti vil mykje det same. Men det er klart, i ein liten kommune spelar og personane ei viktig rolle, seier Åsmund.

– Eg trur ikkje vi vil merka noko stor endring med det same. Men gradvis vil vi gjerne merka at det er andre som styrer, etter kvart som dei tar opp ulike saker, seier Vibeke.

Lykkeleg som liten?
– Kva tenker de om kommunesamanslåing?

– Eg tenker det er greitt at kommunar slår seg saman. For Gulen sin del håpar eg at vi blir slått saman med Masfjorden. Det vert store areal, men framleis små bygder, seier Vibeke. Ho er klar på at ho ønsker at kommunen skal bli ein del av Hordaland.

– Det er både nærare og meir naturleg å venda seg mot Bergen enn Førde, seier ho.

Åsmund er ikkje like positivt innstilt til å endra kommunestruktur.

– Eg trur ikkje Austrheim treng å slå seg saman med nokon. Eg fryktar at stemma til Austrheim vil forsvinne i ein storkommune, seier han.