Byter frå nynorsk til stavangersk

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torgersen debuterte i 2006 med «Aks av gull», der han omsette og song kjente Sting-låtar med velsigning frå Gordon Sumner sjølv – og kom med utsegner om at han trudde Sting «ville sunge på nynorsk om han budde i Noreg».

Men på sitt nye album «Mudderlys» framfører han dei nye songane på sin eigen, utprega stavangerdialekt, noko som ifølgje plateselskapet daWorks «er litt uvanleg» for dei som har vore vane til å høyre Torgersens tidlegare plateutgjevingar.

LES OGSÅ: Lyden av heime

Han vender også tilbake til eit elektronisk lydbilde, som Torgersen seier prega ungdomstida hans heilt frå han kjøpte sin første Roland-synth.

«Mudderlys» byr på eigenskrivne tekstar – med to unntak: To ferske tonesettingar av André Bjerke-dikt.

LES OGSÅ: Vitsen er å bere – og å bli boren