Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette skjer rett som det er; nokon ber meg om å kome og seie noko om noko, og så kjem eg – og snakkar om meg sjølv. Men som den amerikanske forfattaren Henry David Thoreau skriv i Walden: Eg ville ikkje snakke så mykje om meg sjølv, om der var andre eg kjende like godt.

bygda, me lengta tebake,
men me kjøme aldri heim igjen,
la la la la la la la la

Dette er refrenget på ein song eg laga ein gong. Songen, og plata han ligg på, heiter Kar me kjøme frå. Alle tekstane på denne plata vart skrivne i København, og spelte inn i Bergen. Bygda eg rappar og syng om, er Hovdebygda i Ørsta. Der voks eg opp, der kjem eg frå, og der fór eg frå etter gymnaset i 1991. Og eg var altså sikker på at eg aldri skulle flytte heim igjen. Men livet er no så rart og uforutsigelig, og etter å ha lufta meg litt, i 23 år, flytta eg heim i 2014.

Når ein skal snakke om språk, og viktigheita av å få snakke og skrive sitt eige språk, er det mange som straks tyr til omgrepet identitet. Eg gjer det også sjølv. «Det er viktig for identiteten vår,» seier me. Eller: «Språk er identitet.» Det er lett å slenge ut av seg, men kva betyr det eigentleg? Mi eiga historie forklarer det nokså godt, trur eg.

At eg vart rappar, var nemleg resultatet av ei identitetskrise. I 1995 var eg tjuetre år gammal, og flytta til Danmark. Danskane er verken særleg flinke til eller opptekne av å forstå hovdebygding, og språkleg forfengeleg som eg er, nekta eg å dumme meg ut på dårleg dansk. Dei fyrste mange åra i Danmark måtte eg derfor legge vekk dialekten min, og snakke eit visst skriftspråk; eg sa ’jeg’ og ’ikke’ og det som verre var. Det var ikkje kjekt. Eg høyrde at det var mi stemme som kom ut av munnen på meg, men det var ikkje mine lydar, det var ikkje mitt språk. Det høyrdest ut som ein annan person, og eg kjende meg som ein annan person. Og fordi eg måtte snakke så seint og tydeleg, samstundes med at eg måtte orientere meg i eit nytt språkleg og kulturelt univers med nye kodar og referansar, kunne eg ikkje hevde meg sosialt på den måten eg var van med. Eg hadde nemleg alltid vore han som kom med kjappe og overraskande kommentarar som fekk folk til å le, og eg hadde alltid vore god til å diskutere. No var eg berre han litt einfaldige nordmannen som snakka løye, og når han var vittig, var det oftast ufrivillig. Eg var faktisk ein heilt annan person. Eg hadde fått ein annan identitet.

Men alt var ikkje berre trist. Då eg kom til Danmark, kom eg òg rett opp i den andre gullalderen for danskspråkleg rappmusikk, og eg var hip-hopfan. Rapp på norsk fanst ikkje på den tida, men i Danmark var morsmålsrapp stort, både på hitlistene og i undergrunnen, og kvaliteten var høg. Snart kom ideen om å lage rapp på hovdebygding; når danskane fekk det til, skulle pina det eg òg. Dette var heilt bevisst. Men eg mistenker òg meg sjølv for å ha hatt ein ubevisst, men minst like viktig grunn: Eg måtte bruke språket mitt til noko så det ikkje forsvann heilt for meg. Jeg gikk jo rundt og var en annen person hver dag, men med beats og rim kunne eg verte meg sjølv igjen om kveldane. Då tok eg fram pennen, og skreiv fram han eg kjende igjen frå gamle dagar. Han som snakka hovdebygding. Han eg eigentleg var. Og vel så det; eg kunne til og med ta igjen litt og slå meg på brystet, og overdrive og skryte, både av meg sjølv og heimplassen min, for det er det rapp handlar om.

Etter at eg vart eksilrappar, vart det endå kjekkare å kome heim igjen i feriane, heim til språket. Eg vart mint om både nye og gamle ord, ord eg hadde gløymt, og ord eg aldri hadde lært. Det inspirerte meg til å skrive meir, og kjærleiken til mitt eige språk voks og voks. Eg gjekk rundt med lommene fulle av lappar med ord og uttrykk, så eg skulle hugse dei, og kunne bruke dei i ein song. Eg var mest interessert i ord med gode lydar, og det var som regel ord eg snappa opp frå mor mi, bror min, meg sjølv, vener og andre sambygdingar – og kanskje aller mest mormor og morfar. Eg hugsar ein sommardag heime på vaskerommet hennar mor: Eg skulle tømme lommene på ei kortebrok, og fann ein krøllete lapp der det berre stod eitt ord: sorphøne.

Ingen vil vere aleine. Sjølv anarkistar går i flokk. Ingen vil vere utanfor alt. Etter fem år i Jylland, flytta eg til København og fekk ein ny omgangskrins, og då greip eg sjansen, og jeg fandt ud at det er muligt at tale dansk. Man kan sagtens lære det, om man gør sig umage. Det danske sprog har nogle helt andre lyde end det norske. Men det er no stort sett berre dét; nokre lydar og ein melodi ein må lære seg. Å lære seg dansk, var litt som å lære seg å rappe. Eg måtte innbille meg at eg kunne det. Eg måtte late som at eg hadde autoritet, og då fekk eg det. For både å rappe, skrive eit kåseri eller snakke eit framandt språk, er på ein måte skodespel. Det er ikkje falskt noko av det, for alt dette er meg, det er måtar eg uttrykker meg sjølv på, men forma er eit slags skodespel, for det er eit estetisk uttrykk som skal fungere. Å snakke mitt eige språk går av seg sjølv. Å snakke hovdebygding er den einaste uttrykksforma eg har, som ikkje er eit skodespel – sjølv om det likevel er eit enormt estetisk uttrykk. Men slik går me alle og pustar vår eigen språkkunst heile tida. Det går berre for alvor opp for ein når ein prøvar seg på andre språkkunstar.

Eg vart god i dansk. No haltar det litt igjen, for eg har budd heime i snart tre år, men på mitt beste, kunne lure folk til å tru at eg var ein ekte danske, og eg vart tatt på alvor i langt større grad enn før eg lærte språket. Eg vart ein del av flokken. Men ein vert sliten av å spele, så viss eg hadde vore dansk ein heil dag, var eg ekstra trøytt om kvelden – og då skreiv eg litt rim på norsk.

Som alle andre som skriv, driv me rapparar med utforsking av oss sjølve. Me skriv og rappar tekstar om oss sjølve og livet i håp om å verte litt klokare (mens me prøver å imponere dei som høyrer på, sjølvsagt – også til liks med alle andre som skriv). Og me prøver å verte klokare på kvifor me er som me er. I tillegg til å rappe om seg sjølv og heimplassen sin, er rapparen også ofte nostalgisk, til tider på svært sentimentalt vis. Me går tilbake i tid for å finne svar, og me gjer det ved hjelp av ein rytme og stemma vår som lagar nokre lydar som rimar. Men i motsetnad til stort sett alle andre som skriv, så uttrykker rapparar seg gjennom talespråket. Dei som skriv romanar, dikt eller journalistikk, skriv på eit skriftspråk. Nokre vise- og popsongarar syng på dialekt, men like mange på enten nynorsk eller bokmål. Men i rapp finst det berre dialekt. Me snakkar rytmisk og melodisk om oss sjølve på språket vårt. Eg vert ofte kalla dialektrappar, som eigentleg berre er eit anna ord for rappar. Det finst ikkje folk som rappar på eit skriftspråk, ikkje i Noreg, og eg tvilar på at det finst nokon plass. Som de ser, skriv eg òg rapptekstane mine på dialekt, og det er ikkje fordi eg likar å skrive dialekt. Det gjer eg faktisk ikkje. Alt anna eg skriv, frå tull på Facebook til handlelister når eg skal på butikken, skriv eg på korrekt nynorsk. Men det er meiningslaust å skrive rapp på nynorsk, for rapp er ikkje skrift, rapp er lyd.

Runar Gudnason avslutta landstinget til LNK – nynorskkommunane, med ein nyskriven tekst om språk, identitet og å flytta heim.

Ikkje nok med at eg laug om å aldri flytte heim igjen i denne songen. Her er ei lygn til i dette korte refrenget: «lengta tebake». Det gjorde eg faktisk ikkje. Det var ikkje slik at eg sat nede i København, og gret og sakna fjell og familie på Sunnmøre. Derfor var det litt rart for meg å ta fram igjen denne songen no, og sjå på teksten. Eg rappar om fjell og ungdommeleg fjas, og eg siterer Ivar Aasen. Det er ein sanseleg tekst, med både bilete, lukter og lydar. Her er mange bokstavrim og gode dialektord, og i denne teksten fekk eg endeleg brukt favorittordet som eg lærte av mormor ein gong: sorphøne. Ei sorphøne er ein snurrebass. Eg rappar òg om den både tøffe og gode mormor mi i slutten av det andre verset, og omtalar ho som ei “ei mormor i marmor med mjuke hende”. Det ser altså ut til at eg skriv om å lengte tilbake i tid. Ikkje at eg vil tilbake, men det er ein måte å setje pris på den plassen og tida ein kom frå, og som har forma ein.

Dette refrenget er altså berre lygn alt i hop. Eit sant refreng ville ha vore «me lengta ikkje tebake, men me flyttar vel heim igjen en gong, likevel». Det einaste som er sant i refrenget, er «bygda» og «la la la la la la la la».

Reint praktisk, var det lett for meg å flytte heim. Eg er frilansar. Eg er ikkje berre musikar, eg driv òg med litt andre ting. No for tida held eg på med ein slags dokumentarfilm som handlar om kva som skjedde då eg flytta til Danmark og heim igjen, og den handlar mykje om lydar og betydning. Eg sit på loftet i Hovdebygda og jobbar med det, med datamaskin og internett. Eg har lånt utstyr og fått viktig teknisk assistanse frå Høgskulen i Volda. Eg har søkt og fått pengar frå Vestnorsk filmsenter, som har kontor i Volda. Det skal vere ein del animasjonssekvensar i filmen, og eg jobbar tett med to dyktige austlandske animatørar – som har studioet sitt i Volda sentrum. Inn i mellom har eg tatt oppdrag for Nynorsk kultursentrum i Hovdebygda. I fjor kom son min til verda på Volda sjukehus ved hjelp av eit hastekeisarsnitt. Me har ikkje kalla son vår Bent. Det har altså for lengst slått meg at eg er ein av dei heldige som hadde noko meir enn det fine språket å flytte heim igjen til.

Bygda mi ligg midt mellom Ørsta og Volda, og Ulsteinvik er også nær. Det er som eit slags ruralt metroområde med alt som trengs.

I dag er mormor 90 år, og bur på sjukeheim. Ho har Alzheimers sjukdom, og det er rart at denne personen som har betydd så mykje for meg, som har betydd så mykje for korleis eg snakkar, og derfor korleis eg tenker, denne personen snakkar no stort sett usamanhengande nonsens. Det er ikkje alltid ho kjenner meg igjen lenger heller. Men det er likevel alltid fint, trygt og godt å besøke henne, for ho har ikkje mist språket. Tvert i mot, ho pratar i veg, og høyrest ut akkurat som før. Ho er på ei heftig tidsreise, ho fyk rundt i fortid, notid og framtid mens ho leikar med språket, lagar ordspel og vitsar. Hadde ho snakka litt meir rytmisk, hadde ho vore ein perfekt rappar. Innhaldet i det ho seier er altså litt vanskeleg å verte klok på, men den knivskarpe formuleringsevna hennar er heilt intakt, og ho snakkar framleis med dei same lydane. Ho sit der som eit fabulerande og palataliserande kunstverk. Så eg trur på henne. Og hendene er like mjuke enno.

Eg veit det; eg er kanskje over snittet oppteken av lydar. Språk er vel meir enn form? Språk har vel eit innhald òg? Jau då, men det er lydane som er forskjellige, det er dei som skil oss og foreinar oss. Alle folk i alle land i heile verda går rundt og seier akkurat dei same tinga til kvarandre. Men det høyrest forskjellig ut. Så då er det vel lydane som gjer at me kjenner tilhøyrsle ein plass, det er lydane som gjer at me føler oss meir heime éin plass framfor ein annan. Det er lydane det handlar om, denne berykta identiteten.

Dessutan påverkar lydkvalitetane kva me likar og kva me vil snakke om, og derfor kva og korleis me tenker. Eg hugsar ei god scene frå den amerikanske tv-serien Seinfeld. Hovudpersonen, Jerry seier til sin gode ven, George: “Veit du kvifor salsa er den mest populære sausen i Amerika? Fordi folk likar å seie salsa. Sal-sa!” Og eg må gi Jerry Seinfeld rett. Det er eit ord som er kjekt å seie, og eg meiner det er ein god og heilt truverdig teori. Det kan verke som ein overflatisk tanke, og kanskje noko som er typisk for ein musikar å seie; at lyden av eit ord er med på å bestemme om me likar det ordet er ei nemning for eller ikkje. Men me søker sanning i skjønnheit. Me søker sanning i estetikken alle i hop.

Me søker betydning, meining og samanhengar i alt, slik at me forstår tilværet. Me leitar etter sanning og forståing i songar, om det er rapplåtar eller salmar. Me leitar i dikt og romanar, Bibelen eller Koranen, eller Håvamål. Alle desse uttrykka er fulle av rytme og lydar me likar. Gode ord som gjer bodskapen meir truverdig. Som om der var ein samanheng mellom lydbølger og kva som er sant. Eg kjenner ofte på det sjølv når eg skriv rapptekstar, at det fungerer best når det går opp; når stil og innhald går opp i ei høgare eining, og eg tenker at det må vere ein grunn til at akkurat desse orda rimar på kvarandre, i nettopp denne samanhengen. På same måten som me alle ofte likar visdomsord som rimar, for det er som om det vert sannare.

Men akkurat dét er no berre vas. Språket sjølv stiller seg mildt sagt likegyldig til kva ord som rimar. Språket er ikkje nedfelt i naturen. Og naturen bryr seg fint lite om språkleg meining. Naturen berre er der; han ligg no berre der med naturlovene sine, og så spring me forvirra rundt med kulturen vår, og prøver å formulere lover som er like sikre og tilreknelege. Det er både vittig og veldig vakkert. For det seier noko fint og stort om mennesket sitt behov for meining.

Me får altså meining og identitet frå språket, og det er me sjølve som legg meining og identitet i språket. Eg sa så fint i stad at eg skriv tekstar for å verte klokare på meg sjølv. Men linja mellom å forstå seg sjølv og skape seg sjølv, er fin, og det er den for alle som skriv, eller snakkar, eller på andre måtar søker seg inn i språklege fellesskap.

I dag er eg ein skapnad som snakkar hovdebygding på litt uforutsigelig vis. Ja, som de høyrer: Språket mitt har nokre merke frå dei tjue danske åra mine. Det hender at folk kommenterer det, til dømes ved å påstå at ‘uforutsigelig’ er dårleg norsk. Om eg har ein dårleg dag, kan eg verte irritert. Men dei fleste dagane er no gode, eg er som oftast nøgd med meg sjølv, og då synest eg berre det er greitt, til og med fint, at den danske delen av meg framleis er der. For eg likar dei danske lydane, og dei er ein del av meg i dag. Eldste son min er også dansk. (Eg kan òg i ein parentes legge til at om her er nokre som likar å kalle bokmål dansk, så vert eg personleg fornærma.)

Side Brok sitt fjerde album vart skrive og spelt inn i den perioden eg dreiv og flytta heim. Plata heiter rett og slett Hovdebygda, og eg veit ikkje om det er nødvendig med fleire plater. Eg har kanskje tatt rappardraumen heilt ut, og tilbake til barndommen? Eg fór altså til Danmark, oppdaga at eg var ein norsk rappar, og så rappa eg meg heile vegen heim igjen. Det tok berre nokre år.

Og kvifor flytta eg eigentleg tilbake? Som sagt, eg sakna det ikkje. Eg flytta heller ikkje tilbake av ideologiske grunnar; det var ikkje for å kjempe mot sentraliseringa. Det var heller ikkje for å kjempe for dialekten eller nynorsken, heller ikkje for å redde mitt eige språk, det hadde eg no i meg. Eg flytta sjølvsagt heim på grunn av kjærleik. Eg flytta heim fordi eg møtte igjen ungdomskjærasten min, som allereie hadde flytta heim. Ho hadde også vore rundt omkring og i utlandet i mange år – og hadde nok heller ikkje flytta heim om sentraliseringssyka hadde kome mykje lenger.

No skal me fryde oss over å sjå ein heilt ny hovdebygding vekse opp, for me er så heldige at me bur i lag med son vår, som er 16 månader gammal. Han lagar mange løgne lydar, han. Han har for lengst oppdaga språket, men han har ikkje lært det enno. Han er i full gang med å etterlikne dei lydane foreldra lagar. Han hermar. For han vil vere ein del av flokken. Så han kjem til å lære våre lydar. Og så begynner han i barnehagen og lærer dei andre sine lydar, som kanskje er endå viktigare, for den flokken han passe inn i. Oss har han uansett, vil han oppdage etter kvart. Og så skal me prøve å ikkje verte for irriterte over kor lite breitt ungane snakkar no til dags. Akkurat som mor mi hadde det med meg. Og sikkert mormor med mor mi. Og guten vår skal verte ungdom og vaksen, og forme sitt eige språk i lag med sine. Og kanskje han flyttar vekk, og kanskje han flyttar heim igjen. Og han vil synast det er fint og trygt å høyre på dei gamle foreldra sine som snakkar gammaldags, akkurat som då han var liten. Og i dette språket vil han forhåpentleg alltid finne noko med meining, sanning og skjønnheit.

Dette har ingenting med lokalpatriotisme å gjere, som er noko eg mislikar nesten like sterkt som nasjonalisme. Men det har alt med det å vere eit menneske å gjere. For barndommen er i oss heile livet, og det er der me er heime. Heime er ikkje nødvendigvis berre ein geografisk plass, det kan like gjerne vere ei tid, ein sinnstilstand, eller kjensler utløyst av noko du sansar, gjennom lukter, syn, eller nokre lydar.
Kanskje det var derfor eg ikkje trong å sakne bygda i København så mykje som eg påstod at eg gjorde; eg skreiv meg nemleg heim til barndommen kvar kveld. På den måten er dette refrenget eit godt døme på at me i diktinga ofte fortel sanninga ved hjelp av lygn og, nettopp dikting.

Livets rytme er til tider svært uføreseieleg. Å flytte heim igjen er ein av dei betre synkopane i livet mitt. Og éin ting er sikkert: Eg kjem aldri til å flytte frå bygda igjen. La la la la la la la la.

LES OGSÅ: Side Brok: – Stakkars folk i byane