Regjeringa har brote ein femdel av løftene sine – Landbruksdepartementet er verstingen

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så mange løfte har regjeringa brote

Dales departement kjem dårlegast ut i gjennomgangen nettstaden Holder de ord har gjort av løfta regjeringa kom med i Sundvolden-erklæringa frå 2013.

Mens rundt ein femdel av dei totalt 776 løfta i erklæringa er brotne, er delen over ein tredel på dei felta Landbruks- og matdepartementet styrer. 13 prosent – eller cirka kvart åttande løfte – lèt seg ikkje etterprøve, mens så vidt under halvparten – 48 prosent – er oppfylt, skriv Nationen.

– På nokre område skulle eg ønske vi hadde komme lenger, for eksempel konsesjonslov og priskontroll. Stortingsfleirtalet har stoppa det, det må ein iblant godta når ein er i mindretalsregjering, seier landbruksminister Jon Georg Dale (Frp).

Han påpeikar at regjeringa har lagt fram forslag som ville oppfylt fleire løfter, men som dei ikkje har fått fleirtal for.

Styreleiar Tiina Ruhonen i Holder de ord seier eit forslag ikkje er nok til at eit løfte kan telje som oppfylt. Ho minner om at regjeringserklæringa kom etter at samarbeidsavtalen og mandatfordelinga på Stortinget var på plass.

Sjekk status for løfta på holderdeord.no.