Framtida
Publisert
Oppdatert 30.08.2017 14:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kristian Harnes (24) frå Harøy og Kurt Andre Aase (24) frå Bygstad kom for nokre år sidan inn på høgare utdanning innan jazzmusikk, men slutta etter fyrste året, av di dei synest det var for mykje fokus på å bli god individuelt. Dei to venene som møtest på Kongshaug Musikkgymnas i år 2000, bestemte seg då for å flytte til Bergen og involvere seg i diverse bandprosjekt.

 

Kurt og Kristian. Foto: Marianne Magnussen
Midt under intervjuet får musikarane ei uventa melding om at dei har hamna på P3. Foto: Marianne Magnussen

Bandet som dei satsar mest på for tida, er nynorske Synkoke, som i fjor vann Universitetet i Oslo si tevling Demobox, skal på turné i august og for tida held på med si første plate.

Eit jazzband som vil sjå publikum

– Er Synkoke sin musikk unik?
– Synkoke spelar progressiv jazzrock på nynorsk. Vi har ikkje akkurat funne opp ein ny og revolusjonerande stil, men kombinasjonen med nynorsk er iallfall uvanleg i denne sjangeren, seier Kristian, som speler på diverse tangentinstrument.

No er han og Kurt tilbake ein tur på gamle trakter, og sit og drikk kaffi på den vidaregåande skulen der samspelet deira tok til for åtte år sidan.

– Premien for å vinne Demobox var å opptre på Betong i Oslo. Korleis var det?

– Det er den verste konserten vi har hatt! Vi såg ikkje publikum, for dei sat så langt vekke. Vanlegvis plar dei å stå heilt framme og danse til musikken. God stemning i salen og positiv respons frå lyttarane er jo det som gjer det kjekt å spele offentleg, seier trommeslagaren Kurt med stor innleving i stemma.
– Men vi kosar oss veldig når vi speler ilag på øvingane, kjem det roleg frå Kristian.

Lite pengar å tene i starten

– Har de som mål å leve av musikken?

Kurt. Foto: Marianne Magnussen
Kurt ønskjer å leve berre av musikken, slik som Beethoven. Foto: Marianne Magnussen

– Det er det eg håpar på, nikkar Kristian, og fortel at dette i alle høve er det han hovudsakleg nyttar tida si til, men at han studerer i tillegg for å kunne ta opp lån.

No i etableringsfasen går pengane dei tener til å kjøpe ting bandet treng, og dei fokuserer ikkje på eiga vinning. Individualisme høyrer ikkje heime i denne bransjen.
– Men eg vil ikkje bli ein frilansmusikar som må spele i alle slags prosjekt. Det må vere som kunstnar, ikkje handtverkar, understrekar Kristian.
Kurt, som har jobba mykje deltid i servicenæringa siste året, er ikkje einig:
– Heller spele coverlåtar for andre band enn å sitje i kassa på Rema 1000!

Kristian sin mobiltelefon ringjer brått, og gjev musikarane ei gladmelding: Ei av låtane til Pony the Pirate, eit anna band dei er med i, har kome på C-lista til P3 og skal bli spelt tre gonger dagleg på radioen i dagane framover. Dei er oppglødde og går inn på Internett for å sjå det med eigne auge.
– No må vi skunde oss å registrere låta på Tono, så vi får betalt for at dei nyttar den på radioen, seier Kristian.
– Kor mykje blir det? spør Kurt håpefullt.
– Ikkje så mykje. To kroner per minutt sidan det blir fem prosent på kvar, flirer kameraten.

Nynorsk vanvit

– Kvifor nyttar Synkoke dikt av Olav H. Hauge? 
– På grunn av saksofonisten vår, Erik. Me budde ilag med han eit år, og då vart det Hauge-dikt til frukost kvar dag, fortel Kristian, som ilag med Erik har hatt hovudansvaret for arrangementet. Kurt legg til:
– Eg var tidlegare ikkje interessert i litteratur, men no har eg byrja å like det. Særleg Hauge.

– Gjer nynorsken dykk meir modige på scena?

Dei småskjeggete musikarane ser ut av vindauget ei god stund, heilt til perkusjonisten utbryt:
-Ja, me blir meir oss sjølve!

Kristian. Foto: Marianne Magnussen
Synkoke får hjelp av nynorsken til å uttrykke vanvidd, fortel Kristian. Foto: Marianne Magnussen

Kristian fortel at ikkje alle medlemane har nynorsk som hovudmål, og at vestlandsk mål for dei hovudsakleg blir eit verkemiddel til å forsterke kjensla av vanvit, ei stemning dei ynskjer å uttrykkje i fleire låtar.
-Dessutan er nynorsk spennande og klangfullt, tilføyer Kurt.
-Og bassisten Ellen, som er frå Austlandet, får ikkje lov å prate på scena, seier Kristian smilande.

 

Songaren Ole går gjennom nålauget fordi han er frå Bergen.

-Kan ikkje nynorsken hindre dykk å slå gjennom internasjonalt?

-Tyske ”Ramstein” syng på sitt eige språk, så då er det jo mogeleg, slår Kristian fast.
Vestlendingane røpar at det ikkje er utenkjeleg at dei kjem med ei låt på engelsk tekst, sjølv om dei aldri vil nytte bokmål. Dei treng ikkje på død og liv framheve nynorsken i ein kvar samanheng:
– Nynorsk er ikkje noko vi gjer, men noko vi er, forklarer Kurt.