37 droneklager hittil i år

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein av dei som måtte punge ut, er ein droneførar som flaug over ein konsert i Bergen. I helga fekk politiet tips om nokon som flaug over Nordnes Sjøbad, utan at politiet kunne gå vidare med saka. Ei kvinne skal ha fått kameraet retta mot seg mens ho skifta, skriv Bergens Tidende.

– Dette er utruleg vanskelege saker. Dei som flyr dronen må blir spora opp, og det trenger ein ressursar til, seier overbetjent Geir Lussand i bergenspolitiet. Dei ressursane var ikkje der då dei badande blei filma laurdag, men søndag fekk politiet eit tips.

– Ein mann hadde sett nokon gutar ute på Nordnespynten. Gutane hadde stadfesta at dei flaug ein drone, men det var så få haldepunkt at vi ikkje kan gå vidare på det. Det er ingen spor som kan blir forfølgt, seier politiinspektør Morten Ørn.

LES OGSÅ: Dronar kan bli hjelpemiddel ved Preikestolen

Juridisk rådgivar Elisabeth Amundsen i Datatilsynet, seier hennar inntrykk er at ubehagelege droneopplevingar er eit stort problem, men at folk ikkje veit kva dei skal gjere med det. Av rundt 10.000 meldingar til tilsynets rettleiingsteneste for personvern i fjor, dreidde 25 seg om droneflyging. Kun éi droneklage blei registrert.

LES OGSÅ: Skal levera post med droner