Skal levere post med dronar

I sommar skal det sveitsiske poststellet prøve å sende post med ubemanna dronar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er det statlege postselskapet i Sveits, Swiss Post, som saman med Swiss WorldCargo og den amerikanske transportdronespesialisten Matternet skal teste ut dei flygande postleverandørane fram til slutten av juli månad. Men selskapet trur ikkje dei kjem til å ta dronane i bruk i stor skala før om tidlegast fem år.

Dronane er sette saman av fire dosete-store propellskiver.

– Dronen har ein ekstremt lett konstruksjon og kan levere pakkar på opptil 1 kilo over meir enn 10 kilometer på berre eitt batteri, går det fram av ei pressemelding frå Swiss Post.

Dei mange små og avsidesliggjande alpebygdene i Sveits kan ha god nytte av å få levert varer med ubemanna dronar, meiner postselskapet. Swiss Post strekar under at dei skal teste dronane grundig før dei tar dei i bruk i større omfang. (©NPK)