Berre eitt parti har tiltak som gir store nok klimakutt.

Åsmund H. Eikenes og Runar B. Mæland
Åsmund H. Eikenes og Runar B. Mæland
Faktaboks

Effekt i 2017:

MDG: 750.000 tonn
Venstre: 341.000 tonn
SV: 331.000 tonn
AP: 243.000 tonn
Krf: 228.000 tonn
Regjeringa: 188.000 tonn
SP: 143.000 tonn

Effekt over tid:

MDG: 2.709.000 tonn
SV: 1.144.000 tonn
Venstre: 871.000 tonn
Krf: 400.000 tonn
AP: 342.000 tonn
Regjeringa: 89.000 tonn
SP: 68.000 tonn

Alle tala er usikre, særleg tala for effekt over tid.

Kjelde: CICERO

LES FAKTALUKK FAKTA

16.34: Saka er oppdatert med justerte tal frå CICERO.

Dersom Noreg skal halde seg til Paris-avtalen, må vi kutte 800.000 tonn CO2 utslepp kvart år.

Klimaforskarane Borgar Aamaas og Asbjørn Aaheim ved CICERO har rekna på klimaeffekten av statsbudsjettet, og dei ulike partia sine alternative budsjettforslag for 2017. Dei har rekna på to ulike måtar: Den eine utrekninga viser effektar berre for 2017, den andre viser effektar over tid.

Utslepp i 2017: MDG best
For å føreseie korleis budsjetta påverkar utslepp har klimaforskarane mellom anna vurdert drivstoffavgifter, innblanding av biodiesel, mineraloljeavgift og bompengar. Denne berekninga gir eit relativt sikres svar på korleis tiltaka vil påverke klimautsleppa neste år, i 2017.

Miljøpartiet De Grønne (MDG) kjem best ut, med tiltak som vil kutte 750.000 tonn CO2 i 2017.

Forslaga til Venstre og Sosialistisk Venstreparti (SV) vil føre til kutt som er om lag halvparten så store, på høvesvis 341.000 og 331.000 tonn CO2.

Regjeringa sitt budsjettforslag vil kutte 188.000 tonn CO2 i 2017, under ein fjerdedel av det dei har satt seg som mål gjennom Paris-avtalen.

5 kr i avgiftsauke
Det som gjer at MDG kjem best ut, er i all hovudsak at dei aukar bensin- og dieselavgifta med 5 kr frå nyttår. Med unnatak av Senterpartiet føreslår alle partia høgare bensin- og dieselavgifter, men ingen andre i nærleiken av så mykje som MDG.

Senterpartiet kjem dårlegast ut med denne reknemåten, med lågare samla utsleppskutt enn det regjeringa har føreslått.

Utslepp over tid: MDG best igjen
Klimaforskarane har også rekna på fleire tiltak som gir effekt over lengre tid. I denne utrekninga er tala mindre presise, og baserer seg på usikre antakingar om effektar av 26 ulike tiltak. Ikkje alle klimatiltaka partia føreslår er tatt med, fordi ikkje alle er lette å rekne på.

På epost til Framtida.no innrømmer også Cicero-forskar Asbjørn Aasheim fleire feil i det opphavelege reknestykket, og har no justert utrekninga for å ta omsyn til mellom anna dette.

I det opphavelege utrekninga kom SV best ut. Om me heller kjøper den justerte utrekninga, kjem igjen MDG desidert best ut, med tiltak som kan redusere utsleppa med 2.709.000 tonn.

I tillegg til den auka drivstoffavgifta, er det særleg to forslag som sikrar MDG den soleklare topplasseringa: auka avgifter på fly- og båtreiser og auka CO2-komponent i årsavgifta for lette varebilar.

Regjeringa og Senterpartiet dårlegast
SV og Venstre sine budsjettforslag kan gi høvesvis litt over og litt under 1 million tonn lågare CO2-utslepp på sikt – altså godt under halvparten av MDG.

Regjeringa sitt budsjettforslag kjem mykje dårlegare ut, og vil berre redusere klimautsleppa med 89.000 tonn årleg over lang tid.

Igjen kjem Senterpartiet nedst. Men forskaren har ikkje tatt med deira prioriterte klimatiltak, eit CO2-fond for nyttetransporten, fordi dei meiner det er for vagt til å rekne effekten av.

Heile oversikta frå CICERO ligg ute her.

LES OGSÅ: KrF bryt forhandlingane om statsbudsjettet – men regjeringa gir ikkje opp

Oppdatert: måndag 5. juni 2017 16.00

Kommentarar

ANNONSE