Elevar misser konsentrasjonen og blir stressa av mobilen

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stadig fleire elevar i vidaregåande skule får konsentrasjonsvanskar og føler stress på grunn av mobiltelefonane sine, skriv Politiken.

Den danske avisa viser til ei ny undersøking blant 2.689 elevar i vidaregåande skule sett i verk av konsulent og foredragshaldar Søren Hebsgaard. Han arbeider med digital danning på skular.

– Eg ser at dei unge brukar mobilane sine meir og meir. Det fører til at dei blir dårlege til å konsentrere seg og blir stressa, seier Hebsgaard til Ritzau.

En tredel av elevane i undersøkinga svarar at dei jamleg brukar telefonane sine eller datamaskiner til noko som ikkje er fagleg relatert under undervisninga. Oftast loggar dei på sosiale medium som Facebook, Snapchat og Instagram.

Blant elevane som sjekkar sosiale media kvart kvarter eller oftare, svarar meir enn halvparten at dei har vanskar med å konsentrere seg om undervisninga.

– Elevane i vidaregåande skule som eg har undersøkt, har generelt vanskar med å konsentrere seg, men det står verst til hos dei som bruker mobilane mest, seier Hebsgaard.

LES OGSÅ: Slik blir du mindre avhengig av mobilen