Engelsk skule sluttar med mobiltelefonar

Martin Årseth
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

God effekt av å kutte ut mobilar

Price er viserektor på Stroud high school, ein skule i hovudsak for jenter i Glouchester i England. Dei byrja med strenge mobilreglar, og resultata var svært gode, skriv The Guardian.

Tidlegare i år gjorde dei ei undersøking blant elevane, der tre av fire svara at dei sjekkar eller svarar i sosiale medium heile tida. Over halvparten tok med mobilen i senga, og over halvparten av i alderen 11–14 svara at dei ville ha meir kontroll over bruken av sosiale medium.

– Om det ikkje var eit rop frå hjartet, veit ikkje eg kva som er det. Dei vil ha meir kontroll, men veit ikkje korleis dei skal få det. Me er nøydde til å hjelpe dei, seier Price.

Digital avrusing

400 elevar på Stroud vart med på ei éi veke lang «digital avrusing», der dei la att alle digitale apparat heime. Elevane svara at dei følte dei hadde meir fritid og følte seg mindre stressa.

Elevane sjølve er nøgde. Ein 16-åring fortel at det har hjelpt mykje på leksearbeidet og konsentrasjonen.

– Før sleit eg med leksene. Vanlegvis skriv ein ei setning og sjekkar Snapchat. Så skriv du den same setninga på nytt. Det som no tek ein halvtime, kunne ta halvannan time før. Vanlegvis brukar eg mobilen før eg legg meg, men denne veka vakna eg utkvilt, som var ganske sjokkerande, fortel Jess Hourston til The Guardian.

Overvaker alt

Problemet er ikkje berre mobiltelefonar, men òg andre apparat, som stegteljarar.

– Talet på stegteljarar og smartklokker på unge jenter med heilt normale kroppar er ganske alarmerande. Eg forstår ikkje kvifor folk må overvake kvart pust dei tek, seier Price.

Helseproblema er dokumenterte i andre akademiske studiar. Det britiske statistikkbyrået Office for National Statistics, fann til dømes at 12 prosent av unge som ikkje brukar sosiale medium i skuletida har symptom på dårleg mental helse. Dei same tala for dei som brukar sosiale medium mykje er 27 prosent.