Hambar (24) står på for å læra norsk. Flyktningtenesta håpar fleire bedrifter vil tilby praksisplass

Behovet for praksisplassar er større enn på lenge.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hambar (24) frå Syria lærer norsk på arbeidsplassen

Saka var først publisert i Porten.

Årdal kommune er blant kommunane som har bidrege i dugnaden etter flyktningkrisa hausten 2015. I år har dei sagt ja til å busetja 15 nye flyktningar.

Ein som kom til Noreg som eit resultat av konflikten i Syria, var Hambar Hami (24), som flytte inn på asylmottaket i bygda januar 2015. Der budde han i eit drøyt år før han fekk opphaldsløyve.

Etter 4,5 år med høgare utdanning innan petroleum og kjemi, måtte 24-åringen avbryte studia på grunn av krigen. No er han ivrig etter å kome seg ut att i arbeidslivet. Første steg er via vaksenopplæringa og praksisen som flyktningtenesta tilbyr. Måndag hadde Hami sin tredje dag på språkpraksis hjå Årdalsnett.

– Arbeidsdagen består i å vere med operatørane ut på oppdrag og heim til kundar for å hjelpa dei med å løysa dei problema dei måtte ha, seier han.

Ville bu i Årdal

På arbeidsplassen har dei tilsette fått forbod mot å snakke andre språk enn norsk til Hami, nettopp fordi han skal læra språket. Også intervjuet foregår på norsk.

– Det går bra. Dei snakkar norsk med meg. Då eg budde i Syria, jobba eg mellom anna med å trekke TV- og datakablar på eit sjukehus, fortel 24-åringen og forklarar kvifor han ville bli verande i Årdal:

– Eg likar meg best på små plassar. Eg trur det er betre enn i storbyen. Eg trur også at det er betre når ein skal læra seg norsk og å bli kjend med nye menneske.

Stiller opp

Det var før sommaren Årdalsnett fekk førespurnad om å ha Hami på språktrening. Sidan bedrifta nettopp hadde tatt inn sommarvikarar, var det ikkje aktuelt då, men no er Hami på plass kvar måndag og fredag.

– Årsaka til at me sa ja er ikkje fordi me treng arbeidskraft, men fordi me ønskjer å bidra til det opplegget som flyktningstenesta køyrer. Dessutan er kjekt for oss å møta nye årdøler frå andre kulturar, seier dagleg leiar Odd Øren.

TRENG HJELP: Marta Midtun i flyktningtenesta seier dei har behov for fleire bedrifter som kan tilby språktrening..

Marta Midtun i flyktningtenesta seier dei har behov for fleire bedrifter som kan tilby språktrening. Foto: Truls Grane Sylvarnes

Totalt avhengig

Akkurat det er fagleiar for flyktningtenesta i Årdal, Marita Midtun, glad for. Med fleire flyktningar som skal busetjast i bygda, krevst det også fleire praksisplassar. Flyktningar som vert busett, har rett på eit introduksjonsprogram. Det inneheld norskundervisning, samsunnsfag og praksis, der ein i praksisen skal lære seg språket og korleis det norske arbeidslivet fungerer.

– Me er totalt avhengige av bedriftene for at flyktningane skal kunna integrera seg. Og så er det viktig for bedriftene å vite at dei ikkje bitter seg til å tilby nokon jobb. Det viktigaste er å gi flyktningane ein aktivitet med full timeplan, seier Midtun.

– Bedrifter som les dette kan kanskje ta kontakt?

– Ja, det må dei gjerne. Her det snakk om ressurssterke personar, gjerne med høgare utdanning frå heimlandet, og der mange snakkar godt engelsk.

Les meir på Porten.no