Går det an å vera kristen og feminist? Ja, meiner tidlegare teologistudent Mailiss Solheim.

Då KrFU for fyrste gong stilte i 8. mars-tog under parolen «Feminisme, uansett politisk farge», følte ikkje KrFU-arane seg velkomne i toget. For kan ein eigentleg vere feminist og kristen samtidig?

–Eg meiner at ein kan vere for likestilling sjølv om ein prioriterer det ufødde liv, og det er dumt at kristne må kvi seg for å kalla seg feministar, uttala leiar i Akershus KrFU, Julia Sandstø, til Framtida.no tidlegare i år.

Likestilling – heilt enkelt
For tidlegare teologistudent Mailiss Solheim frå Bergen, er det derimot ingen motsetnad mellom dei to.

– Feminisme er basically likestilling. For meg handlar det ikkje berre om likestilling for kvinna, men også for mannen, seier Solheim når Framtida.no møter henne i Oslo ein vårdag i mai.

28-åringen har studert teologi ved Det teologiske Menighetsfakultet i Oslo, og peikar på forventningar til kjønn og mangel på likestilling i arbeidslivet som nokre av grunnane til at ho definerer seg som feminist.

I løpet av vidaregåande fann ho ut at ho ville studera teologi for å bli prest. Då Solheim byrja på studiet vart ho overraska over å finne ut at det framleis fanst dei som var motstandarar av kvinnelege prestar, sjølv om motstanden sjeldan vart uttalt.

Men diskusjonen om kvinnelege prestar har for lengst måtte vike plass for to andre, og langt meir utfordrande saker for Den norske kyrkja: abort og likekjønna ekteskap.

– Det kan ein også sjå i eit feministisk perspektiv, fordi det vil kneble kvinner om du ikkje kan gifte deg med den du vil, meiner Solheim.

Tradisjonelle familieverdiar
Å vere fri til å bryta med dei tradisjonelle kjønnsrollene er ei viktig sak for kvinnerørsla, noko som til tider kan sjå ut til å vere på kollisjonskurs med kyrkja.

– Ein del kristne vil nok halde på gamle familieverdiar. Du må gifte deg og få barn, fordi tanken er at det er det som er livet og det er det som er rett, seier Solheim.

Sjølv om Solheim kallar abortsaka ei «ikkje-sak» når det kjem til hennar tru, reknar ho med at for mange vert dette eit av dei største problema om du er kristen.

– No er det ikkje slik at alle kristne er imot abort, men er du feminist så tenkjer ein gjerne at ein er for sjølvbestemt abort, seier Solheim.

28-åringen er likevel forsiktig med å seie at det ikkje går an å vere feminist og abortmotstandar.

Mindre «Ottar-tendensar»
No tykkjer ho det ser ut til at kyrja og feministane er på mindre kollisjonskurs enn tidlegare.

Der det før har vore meir «Ottar-tendensar» med feministar som var krasse i sin kritikk av patriarkatet og kyrkja, ser Solheim no ei breiare feministrørsle.

– Det er ingen fasit på feministmerkelappen. Eg trur det er mange i samfunnet som eigentleg er for likestilling som ikkje vil kalla seg feministar, fordi dei tenkjer ein berre er sur og gretten, seier Solheim, og viser til alle rettane som kvinnerørsla har kjempa fram.

LES OGSÅ: Daniel Kvammen er ikkje feminist for moro skyld


Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.32

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE