UDI legg ned 17 asylmottak over heile landet
Færre asylsøkjarar har ført til mykje ledig kapasitet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Bakgrunnen for det er at UDI har altfor mykje ledig kapasitet. Det har samanheng med at det i 2015 kom det over 31.000 asylsøkjarar, mot berre 3.460 i fjor. Vi har ein nedgang på over 27.000 asylsøkjarar, seier regiondirektør for Vest i UDI, Stig Arne Thune til NRK.
LES OGSÅ: Noreg har tatt imot 0,3 prosent av asylsøkarane i Europa
Thune seier at det har ført til stor, ledig kapasitet ved mottaka, samtidig med at fleire asylsøkjarar har fått opphaldsløyve. Av dei 17 mottaka som no blir lagt ned, er åtte av dei ordinære mottak. Dei resterande ni er mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar.
UDI ønsker ikkje å gå ut med lista over kva for mottak som skal leggjast ned, men dei bekreftar at det blant anna gjeld eit mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar på Skei i Jølster i Sogn og Fjordane.
Totalt blir 1.610 mottaksplassar lagt ned, av dei har 320 vore øyremerkt for einslege mindreårige.
Thune seier at dersom utviklinga held fram, så ser han ikkje bort frå at det kan bli endå færre mottak.
FÅ OGSÅ MED DEG: “Noreg har Europas strengaste asylpolitikk, og det gjer med stolt!”