Jenteband er ingen sjanger

Mailiss Solbeim
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Har du nokon gong høyrt band med kvinnelege musikarar verta omtalt som «jenteband», eller høyrt menn seie: ho er ein flink musikar – til å vere kvinne? Det har eg. Og det har altfor mange andre kvinner også høyrt.

Det er ein slåande ulikskap mellom kjønn i kulturlivet. Både i representasjon på festivalar og i det offentlege rommet, og i måten kvinnelege og mannlege utøvarar vert omtala, behandla, intervjua og portrettert på. Dei siste åra har sommaren vore høgsesong for denne debatten, fordi så mange musikkfestivalar vert gjennomførte i denne perioden, og fordi norma er at festivalprogramma anten har ein stor majoritet av menn, eller utelukkande består av menn.

Svaret frå festivalane er stort sett at dei gjer booking basert på etterspørsel, og om denne etterspørselen i majoriteten er menn – då vert dette spegla i festivalprogrammet. Forståeleg argument; ein vil jo alltid tilby det som er mogeleg å selje.

Men sel ikkje musikk komponert, produsert og framført av kvinner? Jo! Det såg vi mellom anna i 2014, då Månefestivalen i Fredrikstad stilte med eit program med utelukkande kvinner. Festivalen vart utseld. Og i 2015 fekk Øyafestivalen i Oslo internasjonal merksemd, då dei hadde gjort booking der 56% av banda/artistane som spelte var kvinner eller hadde besetning der ei eller fleire kvinner var sentral. Festivalen vart utseld.

Berre tre kvinner har vorte kåra til Årets spellemann

Systemproblem

Det er eit systemproblem at kvinner er lite synlege i kulturlivet. Festivalar og konsertarrangørar kan ikkje stå med heile ansvaret for at kvinner vert synlege. Berre 23 av dei 100 mest spelte utøvarane på norsk radio er kvinner (2015). Berre 20 prosent av medlemmene i artistorganisasjonen GramArt er kvinner. Og sidan prisen vart oppretta i 1985, har berre tre kvinner vorte kåra til «Årets Spellemann».

Innanfor biletkunst er to av tre kunstnarar i Noreg kvinner, men likevel kjøper norske museum mest kunst av menn. I faste utstillingar i kunst- og kulturhistoriske museum er kvinnedelen berre på 11 prosent (tal frå balansekunstprosjektet.no og forskningsradet.no).

Skal vi bryte den vonde sirkelen, er det naudsynt å gjere aktørar og samfunnet generelt merksame på likestillingsproblemet. Ein treng krav til arrangørar om nedfelte tal for kjønnsbalanse. Og ein treng media som behandlar kvinner og menn likt.

Forskjellsbehandling

I høve kvinnedagen i år laga P3-programleiar Christine Dancke ein video som sette fokus på nettopp forskjellsbehandling mellom kjønn i media. Her stiller ho spørsmål til menn på den raude løparen, som er identiske med spørsmål kvinner typisk får.

Kvelertak og Death by Unga Bunga vert spurde om korleis det er å vere eit manneband. Stian Blipp vert spurt om han trur folk ikkje ser heile han, fordi han er så sexy. Janove Ottesen vert spurt om korleis det har gått å balansere karrieren med familielivet.

Alle mennene kjente det ubehageleg med slike spørsmål. Trur de ikkje at vi kvinner også kjenner det slik?

Kvifor får menn spørsmål relatert til arbeid sitt, medan kvinner får spørsmål relatert til utsjånad og familieliv? Eg har ikkje eit svar på ståande fot, men eg veit at dette er med på å undergrave kvinnelege utøvarar sin integritet, og eg veit at det gjer det vanskelegare for kvinner å vere ein personlegdom i det offentlege rom. Er det rart at kvinner er underrepresenterte når arbeidet vårt vert overskygga av heilt irrelevante spørsmål?

Ta likestilling seriøst

Ein musikar er ein musikar, uavhengig av kjønn. Jenteband er ingen sjanger. Kvinner er like eigna som menn til å lage god kunst og musikk. Vi treng plattformer og scener og radiotid for å fremme verka til alle dei fantastisk dyktige kvinnene vi har i landet. Vi treng lik lønn for likt arbeid. Vi treng museum og festivalar som tar likestilling seriøst.

Vi treng ei systemendring, der alle bidrar til at kvinnelege kunstnarar vert tatt seriøst, og vert hugsa for meir enn kjolen dei tok på seg under utdelinga av Spellemannsprisen.