Framtida
Publisert
Oppdatert 28.08.2017 14:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Terje synest at han byrjer å få vind i segla som salskonsulent. Foto: Privat.

-Korleis går det på jobben for tida?
Terje Rasmussen har kome heim etter ein arbeidsdag som salskonsulent for Norsk Forbrukerøkonomi. Den unge mannen sit og kviler i sofaen, med hendene falda bak hovudet.
-Telefonsystemet fungerte ikkje idag, så eg brukte tida til å evaluere tidlegare samtaler. Men i går fekk eg til dømes tre sal.
Terje er ikkje nøgd med dette talet, men forklarer at han berre har jobba to veker i den bedrifta han er i no. Etter meir erfaring og evaluering, vil det betrast:
-Det viktigaste er at eg ynskjer å lære, og at eg går på med friskt mot!, seier han overtydande og engasjert.

LES OGSÅ: Ni av ti unge vil ha fast jobb

Dramatisk telefonseljar

-Kva personlegdom bør ein telefonseljar ha?
-Han bør vere sikker, og flink til å kommunisere og overtale. Og ikkje minst positiv; kundane høyrer om eg smilar, og blir betre innstilt viss eg har godt humør.
Terje pratar tydeleg og bestemt, utan fyllord. Det er tydeleg at han veit kva han snakkar om.

-Korleis kan ein halde seg  positiv gjennom ein heil arbeidsdag?
-Eg går inn i ei rolle som seljar. Viss eg til dømes nettopp er blitt dumpa av kjærasten, kan eg i alle høve ikkje sippe på jobb. Når eg er klar for ein telefon, set eg meg fram på stolkanten, og plasserer musepila på ordet “sal” på skjermen framfor meg. Viss kunden seier nei, speler eg overraska. Har eg ikkje tru på at eg får selt noko, er det jo ingen vits å ringe!
Sjølv har Terje tidlegare tatt timar i drama, og vert av vener sett på som ein talentfull skodespelar. Men han tilføyer at telefonsal ikkje er eit soloarbeid; arbeidsmiljøet er også viktig for motivasjonen:
-Me er ein herleg kombinasjon av kollegaer og konkurrentar. Stadig har me interne tevlingar og veddemål på kven som får selt mest. Samstundes er me oppteken av å spreie god stemning.

Stakkars heldige kunde

Korleis reagerer folk flest på telefonane dine?
-Eg har ringt eit par tusen, inkludert dei to månadene eg jobba for eit anna firma i sommar. Berre ein har sagt ja med ein gong. Dei fleste har korkje interesse, tid eller lyst…

Terje kan fortelje at mange kjeftar han huda full i staden for å legge på og spare tid:
– Eg har allereie blitt utskjelt på dei fleste dialektar i Noreg. Då eg starta, ringte eg mest til nordlendingar. Dei har nemleg den artigaste dialekten å skjelle folk ut på.
Den unge mannen seier at det hender telefonseljarar blir truga på livet, og ynskjer at namnet hans ikkje kjem på trykk. (Difor har Magasinett gjeve dramatikaren eit pseydonym i denne artikkelen, og elles oppgjeve minst mogleg informasjon om sjølve personen.)
Terje understrekar at dei fleste nordmenn likevel er høflege på telefonen, og ikkje tyr til kraftuttrykk:
-Dei kjem i staden med alle slags rare unnskyldningar for å ikkje snakke med meg. I går høyrte eg til dømes at den personen eg spurte etter ropte til han som tok telefonen: “Sei at eg ikkje er heime!”.

-Er telefonseljarar skruppellause?
-Det er ikkje alle som har gode hensikter, vedgår Terje, og fortel om seljarar som gjerne kunne lurt ein kunde til å kjøpe eit produkt han slett ikkje hadde hatt bruk for. Men den unge mannen meiner bestemt at han har sitt på det reine:
-Eg hjelper nordmenn til å spare pengar på faste utgiftspostar. Dette firmaet er oppteken av nøgde kundar, og ynskjer ikkje å lure nokon, seier han ivrig.
-Slik kan eg rettferdiggjere det at eg ringer heim til folk og kanskje forstyrrar dei midt i eit bleieskift. Men eg forstår sjølvsagt at folk blir hissige…

Pengar ikkje nok motivasjon

-Kva er det verste med arbeidet?
-Du må sjølv ta skulda når det går dårleg.
Terje fortel om firmaet han jobba for i sommar. Der gjekk det berre på akkord, og dei nye tente difor svært lite eller ingen ting dei fyrste dagane. Då var det mange som slutta, men Terje heldt ut heilt til pengane byrja å rulle inn. I firmaet Norsk Forbrukerøkonomi får seljarane ei god fastløn. I tillegg får dei tilskot ved ekstra sal, og Terje har stor tru på framgong på dette området. Den unge salskonsulenten føler at han byrjer å få vind i segla.

Vil du satse på ei karriere som telefonseljar?
Terje har lagt seg ned i sofaen med beina opp.
-Eg kan ikkje tenke meg å jobbe med dette resten av livet. Eg må ha meir variasjon. I byrjinga er det interessant å snakke med ulike folk i ulike situasjonar, og du får kick idet du klarar å overtale folk til å kjøpe. Deretter blir nok sjølve pengane motivasjonskjelda. Men det kan ikkje vare over lang tid, det blir for keisamt…