Ni av ti unge vil ha fast jobb
At faste arbeidsplassar blir mindre viktig for den yngre garde, stemmer ikkje. Dei aller fleste unge ønskjer fast jobb, viser ei undersøking.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Norstat har gjennomført undersøkinga for Svenssonstiftelsen, ein organisasjon som arbeider for å fremja verdien av fagorganisering og faglege rettar. I underkant av 2.000 nordmenn i arbeidsfør alder har vore med i undersøkinga, og heile 89 prosent mellom 18 og 29 år svarar at det er viktig med fast jobb i framtida, skriv Klassekampen.
54 prosent av dei som er 50 år og eldre, svarar det same.
LES OGSÅ: Unge tapar kampen om jobbane
Dagleg leiar Andreas C. Halse i Svenssonstiftelsen meiner svara kjem av at unge i dag veks opp i ei utrygg tid, med aukande arbeidsløyse og meir uvisse.
– Dei tek over eit samfunn som er mykje meir usikkert enn det foreldregenerasjonen tok over. Då vil ein ha fast jobb og inntekt, seier han. (©NPK)