Éin av tre jobbar ved sida av studiane
Å jobbe nokre timar i veka har lite å seie for tida brukt på studiar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I fjor hadde éin av tre heiltidsstudentar betalt arbeid gjennom heile studieåret. Det viser tal frå den europeiske studentundersøkinga Eurostudent som Statistisk sentralbyrå (SSB) publiserte måndag.
LES OGSÅ: Dette er framtidas yrker
Ifølgje statistikken brukar studentane som ikkje jobbar og studentane som jobbar 1–5 eller 6–10 timar i veka, omtrent like mykje tid på studiar.
– Når tida brukt på arbeid overskrid 10 timar per veke, ser vi ein nedgang i gjennomsnittleg tidsbruk på studiane, og denne nedgangen er særleg markert når meir enn 25 timar per veke blir brukt på betalt arbeid, skriv SSB.
Over 20 prosent av studentane i Noreg jobbar 11 timar i veka eller meir.
Studentar som jobbar 11–15 timar i veka, brukar i snitt rundt tre timar mindre på studiane enn studentar som ikkje jobbar.
FÅ OGSÅ MED DEG: Dramatisk fall i talet på unge i arbeid