Ein enklare kvardag for yrkesfagelevar

Lovise Nikoline Voldsund
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det nærmar seg val og det betyr valløfte frå Arbeidarpartiet. I denne omgang har dei lova ein milliard til yrkesfag, men kvar er tiltaka? Vi i Framstegspartiet meiner at ein sum pengar har ingenting å sei utan konkrete tiltak. Framstegspartiet  har derimot kome med gode løysingar i regjering, for å betre skulekvardagen til elevane.

Lovise Nikoline Voldsund er nestformann i Søre Sunnmøre FpU.

Etter fire år i regjering har Framstegspartiet fått gjennomslag for mykje av sin skulepolitikk. Blant anna har vi auka satsinga på yrkesfag, og satt i verk ei rekke tiltak for å få fleire til å velje ei yrkesfaglig utdanning i den vidaregåande skulen.

Framstegspartiet har i regjering også fått gjennom nye tiltak for kompetanseheving av yrkesfaglærarar. Ved å auke kompetansen til yrkesfaglærarar, sikrar vi at lærarane som underviser i yrkesfaglinjer, kan vise breiare kunnskap og forståing for sine fag. På denne måten får vi dei beste lærarane for elevane på yrkesfag.

Vi har sikra meir praksis på yrkesfag. Dermed sørgjer vi for at elevane som vel å gå yrkesfagelig utdanning, faktisk får ein meiningsfull kvardag. Ved meir praksis blir elevane betre rusta når dei kjem ut i lære eller jobb.

Vidare har Framstegspartiet også innført den mykje omtalte fråversgrensa. Fleire har kritisert denne grensa , men no er resultata komne. Sidan fråversgrensa vart innført hausten 2016 har vi sett gode resultat. Resultatet viser nemlig at fråveret har gått ned med heile 40% på landsbasis.

Likevel er ikkje fråværsgrensa perfekt. FpU har derfor laga tre krav til forbetringar vi meiner er særs nødvendige:

Vi ynskjer å auke 10 dagarsregelen til 20-dagar. I dag har ein moglegheit til å få 10 dagar gyldig fråver mot dokumentasjon grunna; kronisk sjukdom, politisk engasjement eller idrettsarrangement. Vi meiner det er svært nødvendig å auke desse dagane for å fremja politisk verksemd blant unge, og for å skåne dei som slit.

Vi ynskjer å gi helsesyster myndigheit til å skrive ut dokumentasjon ved sjukdom som f.eks spysjuka og forkjøling. Eit av dei større problema som har vist seg etter fråversgrensa kom, har våre den store pågangen hos legekontor for å få dokumentsjon ved sjukdom. Framstegspartiet ynskjer ikkje at elevane skal sprenge kapasiteten på norske legekontor. Derfor meiner vi dette er ei god løysing.

Vi ynskjer å gi gyldig fråver for obligatoriske køyretimar. Dette er noko som vil gjere det mykje enklare for både køyreskular og for elevar til å kome seg i gong, og klare å gjennomføre førarkortopplæringa. Spesielt for yrkesfagelevar som gjerne skal i heimesjukepleie- eller elektrikaryrket kan det vere svært viktig å ta førarkort.

Om du ynskjer ei handlekraftig regjering som satsar på yrkesfagleg skule, og som faktisk vil jobbe for fleire lærlingplassar. I tillegg til at du ynskjer ei endra fråversgrense som vil gjere skulekvardagen lettare. Då har du berre eitt val, og det er å røyste Framstegspartiet.

Lovise Nikoline Voldsund
Nestformann Søre Sunnmøre FpU