Lite berekraftige påstandar

Dag Henning Reksnes, direktør – Opplysningskontoret for egg og kjøtt (MatPrat)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Svar til innlegget «Vil vi verkeleg har propaganda frå kjøtindustrien i skulen?»

Det er synd at eit innspel i ein viktig debatt om korleis utfordringa knytt til klimagassutslepp skal møtast ikkje baserer seg på fakta, men i staden vert synsing og uttrykkjer eit sterkt behov for å skape fiendebilete.

Dag Henning Reksnes er direktør i Opplysningskontoret for egg og kjøtt (MatPrat).

Lat oss starte med utsleppstal. Vi kan ikkje rekne oss vekk frå klimautfordringane, verken for samfunnet som heilskap eller i norsk matproduksjon, men vi må like vel setje tala i perspektiv. Tal frå Statistisk sentralbyrå for klimagassutslepp i 2015 viser til dømes at olje og gass samt industri og transport står for 81% av utsleppa i Noreg medan landbruket står for 8,7%.

Solheim viser til tal frå FNs klimapanel og skriv at skog, jordbruk og andre areal i 2010 stod for heile 24% av dei globale klimagassutsleppa. Ja, men ser vi på variasjonane mellom kontinenta i 2011, stod jordbruket for 44% av utsleppa i Asia, 25% i Amerika, 15% i Afrika, 12% i Europa og 4% i Oceania. Litt ulike tal kanskje? Også mellom land innanfor den same verdsdelen er ulikskapen stor, men fakta er at andelen utslepp frå landbruket i Noreg er vesentleg lågare enn det gjennomsnittlege globale nivået.

Norsk landbruk arbeider og  kontinuerleg med å redusere utsleppa enno meir, men vi ligg lågt i utgangspunktet.

Kjøtforbruket i Noreg har auka dei siste 50 åra, men kjøtforbruk er ikkje det same som forbruk av storfe og lam, som er drøvtyggarar og slepp ut metan. Andelen storfe har til dømes auka minst mellom dei ulike kjøtslaga. Dette gjeld også dei siste åra. Til dømes vart det produsert 79.652 tonn storfe i 1996 mot 79.878 tonn i 2015. Med andre ord om lag same kvantum. Men svinekjøtproduksjonen auka i frå 95.857 tonn til 135.347 tonn i same periode.  Vi må også hugse på at populasjonen i Noreg har vekse sterkt. Frå 1959 til 2015 auka den frå 3,5 mill. innbyggjarar til 5,2.

I Noreg har målretta avlsarbeid, betre fôrutnytting, forbetra husdyrmiljø, betre dyrehelse og at ein har nytta dyrepopulasjonen betre også gjeve større effektivitet i kjøtproduksjonen. Det betyr at vi i dag har færre storfe som produserer meir kjøt og mjølk. Produksjonen er langt meir bærekraftig enn før. I 1960 hadde vi i Noreg 1,7 millionar storfe og kyr, medan vi i 2015 hadde 1,1 millionar.

Eitt viktig klimatiltak framover er meir forsking og utvikling knytt til fôrmidlar, til dømes i form av forbetringar av grasproduksjonen og utprøving av nye proteinkjelder frå skog og hav.

Solheim hevdar og at: «80–90 prosent av kornet norske bønder dyrkar, ender opp som fôr til husdyr», og ho kritiserer samtidig næringa for import av mais, kveite og soya til det norske husdyrhaldet.

Det er relativt enkelt å få fram fakta om norsk kornproduksjon og dei tala viser kor mykje norsk matkornproduksjon dekkjer av norsk matkornbehov. Og det svingar sterkt, frå 72 % i sesongen 2005/2006 til lave 17 % i sesongen 2011/2012 (kjelde: Opplysningskontoret for brød og korn/Norske Felleskjøp).

Dette har nok ingenting med norsk kjøtproduksjon å gjere, men det faktum at Noreg ligg i yttergrensa av kvar det er mogleg å produsere matkorn med god nok kvalitet. I sesongar med dårlige klimatiske tilhøve vert difor det matkornet som ikkje har god nok kvalitet heldigvis brukt til dyrefor framfor å verte destruert.

Dei klimatiske tilhøva i Noreg gjer det utfordrande å dyrke korn, belgvekstar/grønsaker og frukt.

Vi importerer difor bortimot 70% av alt vi konsumerer av frukt og grønt. Og nei, det er ikkje grasproduksjonen til storfe som er årsaka.

Det er tre hovudgrunnar til at det er vanskeleg å dyrke store mengder proteinvekstar, som belgvekstar, i Noreg. Desse tre er klima, jordsmonn og vekstskifte. Enkelt forklart er det for få vekstdøgn i sesongen. Vidare stiller erter og åkerbønner større krav til jordsmonn enn korn. På grunn av plantesjukdommar kan heller ikkje erter eller åkerbønner dyrkast oftare på det same arealet enn om lag kvart åttande år.

Det vi har føresetnader for å produsere frå naturens si side på dei små 3% av vårt totale areal som kan dyrkast på, er gras. Ein betydeleg del av norsk planteproduksjon må difor vere fôr til husdyr. Ein stor del av den maten vi produserer sjølv, over 70%, kjem difor frå dyr i form av kjøt og mjølk. At vi dyrkar gras og fôrar dyr som vert til menneskemat betyr  at vi nyttar dei lokale ressursane vi har. Det er heilt i tråd med retningslinjer frå FNs klimapanel, som har slått fast at det er naudsynt å ta i bruk alle tilgjengelege ressursar til matproduksjon.

Når det gjeld Solheims påstand om at Noreg importerer fleire hundre tusen tonn soya årleg frå Brasil er det korrekte talet for import til husdyrbruk i 2015 192.909 tonn. Nær to hundre tusen tonn, men ikkje fleire hundre tusen tonn. Igjen er dette fakta som er enkle å skaffe til veges. Men det var ein totalimport av soya på 582.545 tonn i 2015.  67% eller 389.635 tonn av dette gjekk til fiskeoppdrett.

Solheim konkluderer med at: «Norsk husdyrhald bidrar dermed til auka klimagassutslepp gjennom både husdyrhald og bidrag til avskoging av regnskog».

Dei fire store norske fôrprodusentane og Denofa har gått saman om ei soyaerklæring, som inneber ei forplikting til å sikre berekraftig utvikling i soyaproduksjon. Dette skal gjerast mellom anna ved å berre importere  avskogings-fri soya, respektere menneskerettane og rettar for dei tilsette, ivareta miljøet og arbeide for å støtte regional utvikling. Denne erklæringa er vorten framheva av klima- og miljøminister Vidar Helgesen som eit døme på korleis berekraftig utvikling kan implementerast i forretningsstrategiar.

Det er med andre ord ei urett og alt for enkel framstilling at norsk husdyrhald bidreg til auka utslepp og at norsk soyaimport til landbruket gjev auka klimagassutslepp gjennom avskoging av regnskog.

Solheim malar fram eit bilete av norsk landbruk som ein klimaversting og ein vesentleg, og i aukande grad, bidragsytar til klimagassutslepp. Deretter brukar ho dette bakteppet til å forsterke sin argumentasjon for å angripe Opplysningskontorets læreverk innan mat- og helsefaget i grunnskolen.

Samarbeid mellom private og offentlege aktørar kan per definisjon ikkje være noko gale, så lenge ein held seg til faglege krav og aktuelle føringar. Tvert i mot må eit slikt samarbeide vere ønskjeleg ut i frå kostnads – og ressurs-utfordringane skuleverket står i.

Opplysningskontoret for egg og kjøtt (MatPrat) kan heller ikkje berre «pøse» ut pengar slik som det vert hevda i artikkelen, men det stemmer at vi har brukt store ressursar og eit breitt spekter av fagfolk for å sikre god nok kvalitet og aktualitet for vårt nye læreverk «Matopedia».

Innhaldet i «Matopedia» er i samsvar med læreplanen og omfattar alle kompetansemåla i faget, i tillegg er det i samsvar med kostråda frå Helsedirektoratet. Læreverket tek mellom anna opp forskjellige matlagingsteknikkar, råvarekunnskap og bidreg til at elevane tileignar seg kunnskap om mattradisjonar og –kultur. Utover dette tek læreverket opp berekraft, humanhelse og dyrevelferd.

Det er ingen oppmoding til fordel for kjøt i vårt læreverk, det vert tvert i mot oppmoda til eit balansert kosthald i tråd med læreplanen i faget samt kostråda frå Helsedirektoratet.

Vi har utvikla læreverket fordi mat og helse er eit viktig fag i grunnskulen, men dessverre også eit fag som får liten plass målt både i timetall og ressursar. Vi ønskjer at læreverket «Matopedia» skal vere eit fagleg godt bidrag til å utdanne nye generasjonar av mat-interesserte og informerte elever, samt bidra til å spreie matglede, -inspirasjon og -kunnskap. Vi ønskjer å medverke til auka matkompetanse både teoretisk og praktisk, slik MatPrat generelt også gjer til dømes på sine nettsider. Men har Solheim konkrete forslag til forbetringar tek vi i mot disse med takk.

Opplysningskontoret for egg og kjøtt er avsendar av bøkene. Og vi tilbyr dei til skulane mot at skulane betalar for frakt per bok. Skulane står heilt fritt til å nytte seg av dette tilbodet eller ikkje.  Og vi viser både i logo og tekst på framsida og innleiingsvis i bøkene at det er vi som står bak, slik at det ikkje skal være nokon tvil om det. Og dei som står bak Opplysningskontoret for egg og kjøtt er norske bønder. Som faktisk produserer den landbaserte norske maten til norske forbrukarar.

Vi inviterer gjerne Solheim og andre til debatt om både norsk matproduksjon, klimautfordringar for norsk matproduksjon og vårt bidrag til læreverk i barneskulen. Kritikk og tilbakemeldingar er viktige for oss, slik at vi stadig kan forbetre læreverket og eigen organisasjon.

Men la oss ha debatten på reelle premissar, som tall og fakta som gjeld for norsk landbruk.

Dag Henning Reksnes
Direktør – Opplysningskontoret for egg og kjøtt (MatPrat)