Framtida
Publisert
Oppdatert 16.08.2017 12:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Foto: Marianne Magnussen
Høgare utdanning er i Russland eit prov på gode manerar. (Foto: Marianne Magnussen)

Yulia Zaytseva (30) har i seks år undervist engelsk i Sibir i Russland. No er ho i eit klasserom og ventar på neste time, og Magasinett har fått lov til å gjere eit intervju.

Slit eller rike foreldre

– Er det vanskeleg å komme inn på universitet og høgskule i Russland?
– Enkelte fakultet er lett å komme inn på, til dømes matematikk og fysikk. Andre er svært vanskelege. Eg har tatt mastergrad i lingvistikk og tverrkulturelle studium, og det var eit svært populært program der berre ti prosent kom inn, seier Yulia på flytande engelsk.

– Eg klarte det fordi eg hadde jobba svært mykje og i tillegg hatt eit halvt år med privatlærar.

– Kostar det noko å studere?
– Dei fleste får dekka nesten alt av staten, berre dei har gode nok karakterar. Men om ein er i stand til å betale alt sjølv, kan ein også studere om ein ikkje har godt vitnemål.

Eg kan tenkje meg at ein femtedel av dei som studerer i dag har betalt seg inn, og resten berre har jobba hardt. Når det ikkje er plassar til alle som kan betale, må dei nok også konkurrere innbyrdes. Men dei har det i alle fall mykje enklare.

– Studerer dei fleste unge i dag?
– Ja. No for tida er det svært vanskeleg å få jobb utan høgare utdanning, fordi dette vert rekna som eit prov på at ein har gode manerar og kan bruke datamaskin, smilar læraren.

– Sjølv butikkar som søkjer etter medarbeidarar krev ofte høgare utdanning, det vil seie minst fire år på universitet. Det har lite å seie kva type utdanning det er.

Foto: Marianne Magnussen
Dei første studieåra satt Yulia på universitetet frå morgon til kveld.
(Foto: Marianne Magnussen)

Sprøtt mykje lekser

– Hadde du mykje lekser som student?
– Ja, sprøtt mykje. Eg ville studere engelsk, men måtte samstundes lære mange andre ting som gjekk inn i programmet, til dømes fransk, som eg aldri tidlegare hadde lært noko av. Dei fyrste åra starta undervisninga halv ni om morgonen, og etter å ha gjort lekser kom eg heim ti om kvelden, heilt utsliten.

Heime hadde eg forresten heller ikkje fri, men høyrde stadig på kassettar med engelsk uttale, fortel Yulia.

Den britiske aksenten syner at ho iallfall ikkje har jobba forgjeves.
– Kva skjer om studentane ikkje klarer å gjere alle leksene?
– Lærarane på universitetet sjekkar dagleg om alle oppgåvene er gjort. Dei som ikkje har blitt ferdig med leksene, må ta det igjen.

Den unge kvinna frå Sibir legg til at lærarane sin kontroll ikkje er den einaste motivasjonsfaktor til leksegjeringa:

– Viss ein blir hengande etter, er det jo også vanskeleg å stå på eksamen. Særleg i språk.

Respekt for læraren

– Kva forhold er det vanlegvis mellom lærarane og studentane?
– Lærarane i Russland kan ikkje vere vener med studentane, men blir oppmoda til å halde avstand. Når studentane kjenner til læraren sitt privatliv og svake sider, kan dei misbruke denne kunnskapen.

Yulia har merka at denne haldninga er uvant for vestlege lærarar:
– På fakultetet mitt var det ein amerikansk lærar som inviterte studentane heim til seg.
– Korleis er det distanserte forholdet synleg i klasserommet?
– Studentane seier alltid ”De”, og bruker fornamn og farsnamn når dei snakkar til læraren. I timen er det forresten lite dialog. Det totalitære systemet pregar russisk universitet; læraren veit alt og studenten ingenting. Dei skal ta imot det dei får servert utan å stille spørsmål, særleg dei fyrste åra dei studerer.

Yulia snakkar engasjert, med eit glimt i auget.

– Ein viser også respekt for læraren på andre måtar, til dømes under feiringa av den nasjonale lærardagen. Då gjev elevane gåver til læraren, til dømes konfekt og champagne.

Foto: Marianne Magnussen
Mange lærarar i Russland tek imot smørjing frå elevane, fortel Yulia.
(Foto: Marianne Magnussen)

Smørjinger

– Er det mange som ikkje klarer å stå på eksamen?
– Tala på dei som har stått syner ikkje sanninga om kva elevane kan. Krava er svært høge, og det er vanleg å jukse. Konsekvensane for å bli tatt i fusk er berre at ein må ta eksamen om att. Det hender også at elevane prøver å mute læraren eller vakta. På min eigen avsluttande eksamen veit eg at nokon gjorde dette med eksamensvakta. Og etter at eg vart lærar, fekk eg høyre frå ein kollega at ho hadde avslått å ta imot pengar frå faren til ein student. Dei som tek imot smørjing, fortel neppe om det til andre.
– Kven er det som tek initiativ til smørjingene?
– Eg trur det er like ofte lærarar og elevar. Lærarane på universitetet har svært låge lønningar, og kan ikkje klare seg med det dei får utbetalt i full stilling. Og elevane er nøydde til å pugge ting som dei ikkje vil få bruk for seinare fordi det inngår i det fastlåste programmet deira, avsluttar Yulia Zaitseva.

LES OGSÅ: Her er det dyrt å studere gratis