Her er det dyrt å studera gratis

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Utdanningssystemet vårt er todelt. Ved dei private utdanningsinstitusjonar er det svært dyrt å studera, ved dei offentlege er det gratis, forklårar viseredaktør og leiar for etterforskingsavdelinga i Novaja Gazeta, den viktigaste opposisjonsavisa i Russland, Sergej Sokolov.

At det offentlege utdanningssystemet er gratis ser imidlertid ut til å vera ei sanning med modifikasjonar, noko Sokolov er smerteleg klar over. Ifølgje The Daily Telegraph betalar russarane årleg kring ein milliard amerikanske dollar i smørjing i utdanningssektoren, og 36 prosent av innbyggjarane i landet har vore involverte i dette.

Vil ikkje i militæret
Sokolov skuldar mellom anna eit skakkjørt militærvesen for tendensen.

– Unge ynskjer ikkje å tenestegjera i militæret. Dei taper eit år av liva sine, og tilhøva i militæret er grusomme. Soldatar vert mishandla og i verste fall drepne.

For å sleppa verneplikta søkjer mange seg til høgare utdanning, fortrinnsvis i det offentlege systemet. Dermed aukar etterspurnaden etter studieplassar, og inntakskrava aukar. Sokolov trekkjer òg fram låge lærarløningar som ein del av forklåringa. Ein lærar i Moskva, ein av dei dyraste byane i verda, tener mellom 3600 og 4000 kroner i månaden. Denne kombinasjonen fører til at mange lærarar tilbyr å avleggja opptaksprøver på vegne av studentane mot betaling, og at mange studentar er villege til å betala for det.

Universitas har vore i kontakt med russiske studentar ved fleire utdanningsinstitusjonar i landet, og dei fortel om ulike erfaringar. Somme har aldri vore borti korrupsjon, andre fortel om lærarar som tilrår «støtteundervisning» om ein slit med pensum, sjølvsagt mot betaling.

Det å betala stikkpengar lét ikkje til å vera nokon stor terskel å overstiga for russarar flest.

– Ein må forstå at i Russland finn ein korrupsjon overalt. Det startar når foreldre treng barnehageplass til ungane sine, seier Sokolov.

– Betalar for lette spørsmål
Maria Razmyslovich er russisk, men flytta til Noreg då ho var 15 år gamal. Ho studerer internasjonale studiar ved Universitetet i Oslo og er no på utveksling ved Det statlege instituttet for internasjonale relasjonar i Moskva, kjend som MGIMO-universitetet.

– Personleg har eg aldri betalt stikkpengar på universitetet i Russland og eg har aldri fått eit slikt tilbod, seier ho.

Ho kjenner derimot til andre som har betalt opptil fleire tusen kroner for betre karakterar.

Razmyslovich trur stikkpengar er mest utbreidd i mindre byar og ved små utdanningsinstitusjonar, og skuldar måten utdanningssystemet er bygd opp på for korrupsjonen. Ho stiller seg òg kritisk til kvaliteten i utdanninga, og meiner undervisarane har for stor makt.

– Når du studerer samfunnsfag i Russland, som eg, lærer du fakta i staden for årsakssamanhengar. I tillegg finst det ingen lærebøker som dekkjer pensum heilt, slik at du er nøydd til å sitera dine eigne professorar når du skal avleggja eksamen. Er du sikker på kunnskapane dine har du ikkje noko å frykta, men det finst truleg få som er så sikre rett før eksamen, seier ho.

Ho fortel at den som ikkje er villeg til å betala risikerer at professoren stiller vanskelegare spørsmål i ein munnleg eksamenssituasjon.

– Samstundes vil dei som har betalt få ekstra lette spørsmål, eller til og med verta bedne om å gjenfortelja «eit eller anna dei har forstått i faget». Då misser ein sjølvsagt insentiv til å gjera noko som helst på ærleg vis, seier Razmyslovich.

Problem heilt til tops
Også Sokolov meiner kvaliteten i utdanningssystemet er for låg.

– Politikarane vil ikkje ha høgt utdanna elitar som utfordrar dei. Det dei treng er arbeidarar og undersåttar, seier han.

Det finst døme på at undervisarar har fått ordre om å straffa studentar som protesterer mot regimet og at akademikarar har vorte tvungne inn i «Forente Russland», partiet til tidlegare president og noverande statsminister Vladimir Putin.

Det er forventa at Putin på ny vert president etter valet i mars neste år. Makta tenderer til å følgja personar heller enn formelle posisjonar i Russland, og mange reknar med at det sidan førre val er Putin som de facto har site med makta, sjølv om Dimitrij Medvedev har tent som president.

I april i fjor signerte Medvedev eit antikorrupsjonsprogram, noko han var rosa for internasjonalt. Sokolov har ikkje tru på korkje presidentmakta til Mevedev eller på anti-korrupsjonsarbeidet hans. Han oppsummerer situasjonen slik:

– Putin gjekk aldri av. Det er sterke røter for korrupsjon i Russland. Det er Putin som har bygd opp systemet, og han kjem ikkje til å kjempa mot seg sjølv.

LES SAKA I UNIVERSITAS!