Her er jobbane som blir minst og mest påverka av endringane.

mm

Mange snakkar om ein ny industriell revolusjon der intelligente robotar, heilautomatisert produksjon, smarte sensorar, 3D-printerar og avansert dataanalyse vil spela ei viktig rolle på arbeidsplassen.

Ein ny rapport frå SINTEF på oppdrag for NHO går gjennom kva konsekvensar og moglegheiter desse endringane kan gi Noreg.

Tidlegare var det slik at ny teknologi erstatta muskelkraft. Denne gongen er det annleis. Teknologiendringar vil få noko å seia for dei fleste sektorar og yrke. Òg arbeidstakarar med høg utdanning vil oppleva at teknologien overtek arbeidsoppgåvene deira.

LES OGSÅ: Kunsten intelligens

Dei sikraste jobbane
Lærarar, barnehagetilsette, leiarar, sivilingeniørar, spesialsjukepleiarar, kiropraktorar, psykologar og farmasøytar er dei som har minst sannsyn for å bli automatisert vekk, ifølgje rapporten.

Men sjølv om ein robot aldri kan ta jobben til ein lærar – så kan lærarane ta i bruk mykje ny teknologi for å formidla kunnskap på nye og betre måtar. Og i høgare utdanning er det fleire store universitet og høgskular som tilbyr opne nettbaserte kurs for tusenvis av studentar verda over, som eit alternativ til tradisjonelle førelesningar.

Store utslag
Butikkmedarbeidarar, kontormedarbeidarar, regnskapsførarar og – medarbeidarar, telefonseljarar, revisorar, resepsjonistar og transportfunksjonærar er mellom dei som kan bli mest påverka av automatisering, ifølgje rapporten som blei lagt fram på Årskonferansen til NHO tidlegare i januar. Denne handla nettopp om det nye arbeidslivet.

I mange yrke har den auka digitaliseringa og automatiseringa gjeve store utslag allereie, og fleire står for tur. Under kan du sjå korleis NHO og SINTEF ser for seg at ulike yrke vil bli påvirka.

LES OGSÅ: Dette er ikkje eit menneske

Sveisar
Robotar gjer mange sveiseoppgåver. I enkelte tilfelle er dette tilstrekkeleg for at selskap ikkje flaggar ut.  Fleire verft, mellom anna Kværner Stord, har investert i sveiserobotar. Ifølgje informasjonssjef Odd Naustdal aukar bruken av automatsveising. Men han understrekar at det enno vil vera behov for sveisarar som kan utføra kontroll av arbeidet og annan type sveising.

LES OGSÅ: Robotar tar over i heimen

Reinhaldarar
Rapportering av utførte oppgåver blir gjort på nettbrett, opplæringssystem er digitale og det er allereie nokon innslag av robotar til å gjera enkelte oppgåver, som til dømes støvsuging. Hotelldirektør Martin Tveita ved Stord Hotell seier dei vurderer å få slike robotar for å avlasta reinhaldarane og førebyggja belastningsskadar og sjukefråvere.

LES OGSÅ: Roboten plukkar sukkererter

Kjøtskjerarar
Å omarbeida kjøt er blitt sett på som ei oppgåve som det er svært vanskeleg å automatisera, på grunn av den biologiske variasjonen i kvart stykke. Men no har ein greidd å laga system som analyserer kvar kjøtbit og gjev instruksar til ein robot om korleis stykket skal skjerast ut.

Roboten Gribbot har ei gripehand med spesialutvikla «fingrar» og tredimensjonalt syn. «Auga» har han lånt frå eit 3D kamera som ikkje er ukjent for spel-entusiastar; Microsoft Kinect 2.

Telefonseljarar og resepsjonistar
Det har skjedd mykje på utviklarsida av system som forstår tale og som sjølv kan formulera svar.  System kan gjera oppgåver innan telefonsal, undersøkingar og sentralbordoppgåver.

Meteorologar
Yrkesgruppe med lang utdanning, som samanfattar innsamla data og analyserer desse for å føreseia vêret. Datakraft og kanalar for vêrinformasjon er døme på inntoget til teknologien.  Yr.no og Storm.no har endra måten ein formidlar vêrtenester på – tenester som går så godt som automatisk.

Sjukepleiarar og hjelpepleiarar
Helsesektoren står ovanfor store utfordringar, med blant anna ein eldrebølgje som må løysast. Fleire løysingar er utvikla for å effektivisera oppgåver. Til dømes maskiner som hjelper brukarane med å hugsa å ta medisinane til rett tid, overvaka vekta deira og rapportera til helsepersonell ved avvik eller ulukker. Dette gjer at eldre kan bu lengre heime.

Bankfunksjonærar
Teknologiselskap utfordrar monopolet til banka. Robotar gjer mange av rutineoppgåvene.

Tømrarar og murarar
Robotar har tar tunge manuelle oppgåver og kan programmerast til å jobba over natta slik at oppgåva er utført til neste morgon. nLink har til dømes laga ein robot som kan bora i betongtak, noko som er ein tidkrevjande og tung oppgåve for menneske.

Lagerarbeidarar
I nybygde lager kan robotar finna bestillingane i systemet, henta og pakka varer. Dette medfører at pakkar kan lagrast meir effektivt og i høgda. Arbeidarane som er igjen får andre oppgåver som tilsyn og vedlikehald av robotane.

Industrioperatør
Digitalisering gjer at kontrolloppgåver kan sentraliserast. Borregaard har til dømes redusert mengda kontrollrom frå 15 til eitt. Dette reduserte behovet for tilsette med 200.

Sjåførar
Fly har allereie ein høg del automatisering, og no kjem bilbransjen etter. Google har bilar som køyrer heilt sjølv på amerikanske vegar. Tesla og Mercedes lagar bilar som kan gjera noko køyring sjølv, men som ein heile tida må ha oppsyn på. Sjølvkøyrande bilar kan løysa mange problem med parkering og kø i byane, og nokon meiner det blir færre ulukker.

LES OGSÅ: – Bilen må ta rattet frå menneska

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE