Får kritikk for å samanlikna tvangssamanslåing med valdtekt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Meinte ikkje å fornærma nokon

Onsdag la regjeringa og samarbeidspartia KrF og Venstre fram ein avtale der talet på kommunar blir slanka til 358 frå 428 i dag. 13 av kommunane blir slått saman mot viljen sin.

Senterungdommen reagerer kraftig på dette, og la ut dette bildet på Facebook med tydeleg beskjed:

– Smaklaust
Facebook-posten har fått fleire sterke reaksjonar:

– Dette er ein smaklaus samanlikning. Valdtekt og ufrivillig sex er noko ganske anna enn at Stortinget seier at fleire kommunar skal bli til eitt! Det er i grunnen ikkje anna enn det Stortinget gjer kvar einaste dag – lage lovar, regler og inndelingar som den nasjonale forsamlinga «tvingar» saman, skriv stortingsrepresentant Sivert Bjørnstad (Frp) (bildet).

– Ikkje meininga å bagatellisera valdtekt
Ada Johanna Arnstad, leiar i Senterungdommen, svarar slik på kritikken:

– Poenget med posten var å understreka at prinsippet om frivilligheit er viktig. Me synest det er veldig alvorleg at regjeringa med Venstre og KrF overkøyrer folket lokalt når dei har teke ei avgjerd om nei til samanslåing i kommunen sin eller fylket sitt. Me ønskte å formidla dette med ein sprek vri, men eg ser at fleire har tolka han langt meir alvorleg enn me gjorde.

– Det har ikkje vore intensjonen vår å fornærma nokon eller bagatellisera valdtekt. Me meiner sjølvsagt ikkje at tvangssamanslåing av kommunar kan samanliknast med valdtekt! skriv Arnstad i ein epost til Framtida.no.

Ho lovar samstundes at Senterungdomen skal kjempa for at tvangsamanslåingar av fylke og kommunar blir reversert viss dei får regjeringsmakt.

LES OGSÅ: Er samanslåing dårleg for miljøet?