Lokale padleruter over heile Norge

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det har blitt mange turar i kajakk og kano for mannen som har sanka turar og inntrykk gjennom mange år. Både langs den 100.915 kilometer lange norskekysten, i elver og i dei mange innlandsvatna. Resultatet av sankinga er boka «Tusen padleturer».

– Noreg har ei veldig lang kystline, kring 450.000 innsjøar og tallause kilometer med vassvegar. Det er nesten padlemoglegheiter overalt. Så tusen padleturar i denne samanhengen er ikkje mykje, men det er vonleg nok til å vise moglegheitene som finst, seier Per Roger Lauritzen.

Han håpar boka kan få folk til å finne sine eigne padleperler.

– Det viktigaste med denne boka er å inspirere til at folk sjølv skal bruke den fantastiske geografien i Noreg til å finne nye stader å padle seier Lauritzen.

LES OGSÅ: Fekk helikoptertur til staden åtte år etter ulykka

Padlemoglegheiter i alle fylke og kommunar
For Noreg har mykje terreng som pirrar til padling. I boka finn lesaren inspirasjon til mange nye turar, ikkje minst på Vestlandet. I Rogaland er det turforslag som spenn frå bølgjesurfing på Jæren via padling under høge stup i Lysefjorden og idylliske turar langs austsida av Saudafjorden til fyrsafari rundt Karmøy.

Hordaland byr på padling i både fjord og i høgfjell. Mellom anna har den 193 kilometer lange Hardangerfjorden fine sidearmar, som til dømes Fyksesund i Kvam herad. Odda kommune byr på fine fjellvatn som Reinsnosvann og Røldalsvatnet. Og frå Valldalen kan du padle den kjente fjellelva Kvenna over til nabofylket Telemark.

I Sogn og Fjordane blir Solund, Rugsundet og Hornelsfjorden trekte fram. Og på lik line med Hardangerfjorden har Sognefjorden ei rekkje spanande sidearmar, til dømes Arnafjorden i Vik. Fylket har også fine innsjøar og vatn. Av dei er Langvatnet i Stryn, Veitastrondvatnet i Luster og Vargevatnet i Aurland nemnd.

Møre og Romsdal byr på ei rekkje små og større øyer og er eit ynda utgangspunkt for padlarar. Mellom områda som blir trekte fram i boka, er Smøla i nord og Runde i sør. Andre alternativ er å ta ferja ut til øysamfunnet Grip utanfor Kristiansund eller å utforske Storfjorden, som strekk seg frå Ålesund-området og innover mot turistbygda Geiranger.

LES OGSÅ: Fleire vert lokka til fjells

Vestlandet ein av favorittane
Om forfattaren skal trekkje fram eit favorittområde, er det umogleg å komme vekk frå vestlandsfylka, og særleg ytre delar av Sogn og Fjordane.

– Eg er veldig glad i Solund. Solund kommune har kring 900 innbyggjarar og over 1.700 øyer. Det gir ei slags pionerkjensle. Her er det tronge sund, du kan slå opp teltet nær sagt kvar som helst, og det er ikkje eit menneske i sikte. Det finst så mange ulike ruter, så Solund er definitivt ein av favorittane, seier turbokforfattaren.

Andre favorittar er Vikna kommune i Nord-Trøndelag og Helgelandskysten og Lofoten i Nordland.

LES OGSÅ: Ordførar trur på gull av gråstein

Tørk støvet av kajakken
Årleg blir det selt omtrent 20.000 kajakkar i Noreg, og tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at 11 prosent av oss har vore på mellom tre og ti turar i kano, kajakk eller robåt det siste året. Men på same tid viser tala at svært få av oss har vore på meir enn elleve turar på vatnet for eigen maskin.

Lauritzen, som sjølv gjennomførte fleire hundre padleturar det siste året, vil vise at det ikkje treng vere så vanskeleg å komme seg ut. For det er nok mange av oss som med dårleg samvit tenkjer på den kajakken som ligg og støvar ned i naustet. Han som blei kjøpt med gode intensjonar om å vere med på biltaket på noregsferien.

Men det treng ikkje vere så omstendeleg, hevdar den mangeårige padlaren. Sjølv bur Lauritzen i Asker, og dei aller fleste turane skjer nær heimen.

LES OGSÅ: Padla Sør-Georgia rundt

Padleimperialisten
Likevel er friluftsmannen og forfattaren oppteken av å sanke ulike turar. Bak seg har han ei rekkje bøker om tur og naturliv. No har han samla padleturar. På vegen mot ferdig bok har han padla i over 300 norske kommunar, men målet er å padle i dei alle saman, totalt 428.

– Det oppstår ei form for padleimperialisme, innrømmer Lauritzen og legg til at det er motiverande å kunne krysse nye kommunar og stader av lista si. Men det er ikkje hovudmotivasjonen.

– At folk kjem seg ut, er det aller viktigaste.

Faktaboks

Padlevettreglar
1. Vel båt som passar evnene dine og turen.
2. Sjekk at utstyret er i orden.
3. Kle deg etter vasstemperaturen. Ta med ekstra klede.
4. Ha alltid med godkjent padlevest. Gjer det til ein vane å padle med vesten på.
5. Overvurder ikkje evnene dine. Øv deg på redningsteknikkar.
6. Dersom du veltar, forlat aldri båten eller åra.
7. Ha respekt for vêr og vind.
8. Hald god avstand til andre båtar. Sørg for å bli sett.
9. Lær deg livredning.
10. Vêr miljøbevisst. Vis omsyn til naturen. Hugs sporlaus ferdsel.
Reglane er henta frå heftet «Råd og tips til kajakk- og kanopadlere» frå Norges Padleforbund