Ho reiser 900 mil for å ta vidaregåande

Kvart år reiser 40 norske elevar til eit United World College. Margit Holmberg (16) frå Vik er blant dei som skal til Costa Rica.

Martin Årseth
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

United World College (UWC) er eit nettverk med 17 internasjonale skular plasserte rundtom i verda. Éin av dei er i Fjaler i Sogn og Fjordane. Og Noreg sender sjølv 40 elevar på UWC-skular. 17 av dei skal gå i Fjaler, og resten i små grupper på andre skular i verda.

– Eg håpar å få møte mange spanande folk, og få evner frå heilt andre stader i verda. Og at eg får oppleve Costa Rica og landa rundt.

Slik skildrar Margit Holmberg frå Vik i Sogn forventningane når du reiser ut i verda for å gå på vidaregåande skule. Ho skal til Costa Rica saman med Jakob L. Sønstebø frå Andebu i Vestfold og Danilo Gleichmann frå Oslo.

– Eg tenkte først å setje Wales på førsteplass, fordi søstera mi bur der. Men så sa bror min at Costa Rica er ein spanande stad, og ein stad eg ikkje hadde reist til elles. Eg har aldri vore i Sør-Amerika, fortel Holmberg.

Møter ein heilt annan natur

– Ikkje minst får eg ei god utdanning, som er anerkjent internasjonalt. Det kan vere nyttig om eg skal søkje på skular i utlandet seinare, seier ho.

Elevane som går på UWC-skular får ei toårig gymnasutdanning som heiter international baccalaureate, og som gjev generell studiekompetanse. Undervisninga på UWC-skulane er på engelsk.

Costa Rica er ikkje eit land ho kjenner noko særleg til frå før, utanom å ha lese seg litt opp for å vere førebudd når ho kjem ned for å bu der i to år.

– Dei har ein heilt annan natur der nede. Med andre dyr og andre plantar enn eg er vand med etter å ha vekse opp i Noreg.

– Er du spesielt interessert i plantar og dyr? Du har kanskje planar om å studere noko slikt etter vidaregåande?

– Nei, eigentleg ikkje spesielt interessert. Eg er berre interessert i alle fag, eg. Der nede vel eg dei faga som verkar mest spanande, og eg skal nok byrja på universitetet eller noko etterpå, men det tek eg som det kjem, seier ho.

Unik forståing for ulike kulturar

– Kva trur du kostarikanarane veit om Noreg?

– Nei, dei veit vel ikkje så mykje om oss? Kanskje dei tenkjer på stereotypiar, som at det er kaldt?

Swaziland, Hong Kong, Costa Rica, Bosnia og den opphavlege UWC-skulen i Wales er nokre av dei 17 skulane. Leiar i UWC Noreg meiner at dei to åra er ei oppleving som endrar livet.

– Ved å bu og leve saman med elevar frå om lag 80 ulike nasjonar får ein ei unik forståing for ulike kulturar. UWC er eit eventyr som byr på spanande utfordringar og elevane får vener frå heile verda for resten av livet, seier ho.

Fakta

  • UWC vart grunnlagt då Atlantic College i Wales opna i 1962.
  • Elevane går på UWC 2. og 3. året, og får generell studiekompetanse.
  • UWC har skular i 17 land, og elevar frå 80 land.
  • Den norske skulen ligg i Fjaler i Sogn og Fjordane.
  • Visjonen til UWC er å fremje fred og berekraftig utvikling.