Studie: God kroppshaldning kan betre humøret
Om du er nedfor, kan det hjelpe på humøret å rette ryggen, ifølgje ein studie utført av forskarar på New Zealand.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Personar med mild til moderat depresjon kan ved hjelp av betra kroppshaldning, blant anna ved å sitte med rett rygg, oppleve redusert trøyttleik og betre humør, ifølgje studien.
Fire forskarar ved universitetet i Auckland på New Zealand står bak den innleiande studien, som er publisert i Journal of Behaviour Therapy and Experimental Psychiatry.
Tidlegare forsking om temaet har sett på koplinga mellom kroppshaldning og humør blant friske personar, men det er gjort lite forsking om effekten på personar med depresjon, seier Elizabeth Broadbent til Psychology Today.
Ho er ein av dei fire forskarane bak den nye studien, der dei har undersøkt om ei enkel haldningsendring påverkar humøret hos deprimerte personar.
– Mindre utmatta
61 personar deltok i studien, og deltakarane blei delt inn i to grupper. I den eine gruppa fekk dei instruksar om korleis dei burde sitte, mens dei i den andre skulle sitte slik dei vanlegvis gjorde. Undervegs løyste dei ei oppgåve som var meint å provosere fram stress.
– I studien opplevde personar med mild til moderat depresjon, som fekk beskjed om å sitte rettare, at dei blei mindre utmatta, og dei opplevde også større entusiasme over ein kort tidsperiode, samanlikna med personar som sat som vanleg, seier Broadbent.
Hypotese
Psychology Today skriv at det førebels er avgrensa med prov som støttar opp om at det å sitte og stå med rettare rygg, kan lette symptom på depresjon.
Hypotesen til Broadbent var at ettersom ho sjølv følte seg betre ved å rette ryggen, så kunne det vere at det same var tilfelle for andre.
– Det var det som fekk meg til å undersøkje dette nærmare. Basert på eigen erfaring og forsking, trur eg at folk kan føle seg betre med ei meir oppreist haldning. Men eg trur mykje kjem an på situasjonen, og det trengst meir forsking for å sjå når dette fungerer, og for kven, seier Broadbent.