Billigare tannlege foreslått utvida til 24 år

Eit forslag som regjeringa fremja fredag, kan gi unge vaksne billig tannlegehjelp heilt fram til dei er 24 år.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Ordninga har tidlegare vart fram til ein er 20 år, og no er ønsket altså å utvide denne retten.

– Regjeringa har som mål at folk skal få betre kvardagsøkonomi etter lang tid med høg prisstigning og høge renter. Å styre trygt gjennom denne krevjande tida handlar også om å bruke velferdsstaten til det han er meint for. Derfor vil regjeringa gi fleire grupper rett til tannhelsehjelp, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Eigendelen for tannlegetenestene skal vere 25 prosent.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) håpar dette er ei investering for framtida.

– Dette kan også bidra til å styrkje tannhelsa på lang sikt og med det også gi lågare tannlegekostnader for kvar enkelt, seier Kjerkol.

Forslaget har vore på høyring og fått brei støtte. Endringane skal etter planen tre i kraft 1. juli.