Prokrastinering og depresjon heng saman
Ny forsking viser at det er ein samanheng mellom prokrastinering – irrasjonell utsetting – og stress, angst og depresjon.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Professor Frode Svartdal ved Universitetet i Tromsø har arbeidd med fleire internasjonalt leiande forskarar på feltet, og i fleire forskingsartiklar har desse sett nærare på prokrastinering, også kalla utsettingsåtferd, og relasjonen til psykiske plager blant norske studentar.
Prokrastinering er utsetting som ikkje er bra eller lite rasjonell, og er spesielt uheldig dersom det er viktige ting som blir utsett.
Norske og internasjonale data tilseier at halvparten av studentar utset gjeremål for ofte. Bakgrunnen for forskingsprosjektet er at kvar femte student rapporterer alvorlege psykiske plager.
I tillegg viste Tilstandsrapport for høgare utdanning 2016 at berre 40 prosent av bachelorstudentar fullfører på normert tid.
Aukar risikoen for sjukdom
– Tanken bør vere at utdanningssystemet skal skape motivasjon og engasjement, ikkje det motsette, seier professor Svartdal til UiT.no.
Stadige utsettingar fører til opphoping av arbeid, og fører dermed til stress. Konsekvensar som tidspress og skippertak aukar risikoen for sjukdom. Vidare kan dette gi studentar ringverknader som negativ, kritisk og dømmande sjølvoppfatning.
Svartdal meiner det finst ein samanheng mellom prokrastinering og depresjon.
– Litteraturen rapporterer om ein moderat samanheng, noko vi også har sett i våre data. Det mest interessante er kanskje at prokrastinering kan vere ein mekanisme folk tyr til i møte med vanskelege utfordringar, og at dette kan koplast til at ein trekker seg tilbake, blir mindre sosial, vågar mindre og så vidare.
Viktig med gode arbeidsvanar
Svartdal meiner at prokrastinering ofte er meir eit symptom enn ei årsak.
– Grunnen til at studentar utset, heng tett saman med at det dei gjer kan opplevast kjedeleg, vanskeleg, truande eller endelaust, seier han.
Forskinga viser at eit slikt problem ofte fører til at studentar fell av utdanninga. Likevel finst det eit konkret tiltak som kan førebyggje negative konsekvensar.
– Det viktigaste er at ein etablerar gode arbeidsvanar med ein plan for semesteret. Ved å dyrke det sosiale samværet i studiesituasjonen, er det også større sjanse for at ein blir motivert nok til å følgje planen ein har lagt opp til, seier professor Svartdal.
Auka kunnskap hos studentane knytt til prokrastinering, er også eit mogleg tiltak for å førebyggje og redusere problematikken.