Lyden av nynorsk manglar

Martin Årseth
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me er glødande opptekne av språk. Men sidan lydbøker er ei munnleg kunstform er me mer opptekne av dialektar enn av skiljet mellom bokmål og nynorsk, fortel dagleg leiar i Storytel, Håkon Havik.

Håkon Havik, dagleg leiar Storytel (Foto: Storytel)

Storytel er det som tidlegare heitte Ordflyt. Det er den største strøymetenesta for lydbøker, og har Cappelen Damm som stor eigar.

Om namneskiftet heng saman med språkprofilen dei ønskjer med bøkene sine, er noko uvisst. Havik fortel entusiastisk om korleis dei bruker dialektar i lydbøkene sine, og korleis det skil seg frå skrivne bøker.

– Éin ting er om ein likar boka, og så er det noko anna om ein likar innlesaren. Me bruker skodespelarar med mange dialektbakgrunnar. Det ville vore veldig rart å berre bruke innlesarar frå Oslo og Bærum, seier han.

LES ÒG: – TV2 diskriminerer dialektar

No har Storytel nett spelt inn boka til Aftenposten-journalist Ingeborg Senneset frå Trondheim om anoreksi. Boka er skriven på bokmål, men spelt inn på trønderdialekt for at innspelinga skal vere like personleg som innhaldet.

– Senneset har lese inn boka sjølv, og me har skrive teksten om til trøndersk. Då har me endra på ordstillingar, endingar, apokope og slikt. Det er som ho fortel på dialekten sin. Det vert ei betre og meir truverdig lydbok av det, fortel Havik.

– Slåande kor lite nynorsk det er

Om lag 8–9 prosent av bøkene som kjem ut kvart år er på nynorsk, som har vore stabilt over tid. Blant dei nominerte til Brageprisen (tal til og med 2014) var 20 prosent nynorske bøker, og 22 prosent blant vinnarane.

Blant lydbøker er det nesten ikkje nynorskbøker i det heile. Ikkje alle bokhandlarar har sortert etter språk, men slik ser det ut i eit par av dei største nettbokhandlarane i Noreg:

Bokmål Nynorsk Prosent
Norli/Libris 1274 74 5,8 %
Bokkilden 1453 102 7,0 %
Ark 4199 140 3,3 %

 

Håkon Kolmannskog, forlagssjef Samlaget (Foto: Samlaget)

– Eg høyrer mykje på lydbøker sjølv, for eg har tre små ungar og det er ein måte å få litt litteratur ved oppvasken. Det er slåande kor lite nynorsk det er.

Det seier forlagssjef i Det norske samlaget, Håkon Kolmannskog. Han fortel at dei held på å lage eigne lydbokproduksjonar, fordi det ikkje er nok pengar i strøymetenestene.

– Ferrante-bøkene er populære som lydbøker òg, så det er inga tvil om at det kan vere marknad for nynorsk lyd. Nynorsk litteratur skal finnast på alle plattformer, og det er ikkje så mange andre enn Samlaget som kan ta ansvar for det, er den klare meldinga frå nynorskforlaget.

Kolmannskog fortel at Samlaget har tradisjon for å vere i front sjølv om dei er langt frå storleiken til dei største forlaga. Han viser til at dei var tidleg ute med leseappar for barn, som dei gjorde heilt på eiga hand.

– Det er ikkje noko massivt, men me prøver oss fram. Me har gode erfaringar med å gjere ting enkelt og kostnadseffektivt, seier han.

LES ÒG: Digital storsatsing i Samlaget

For lite nynorsk krim

Det finst likevel ein del nynorske lydbøker i Fabel, som er strøymetenesta til Lydbokforlaget.

Lydbokforlaget har rettane til om lag 40 bøker frå Samlaget, og om lag 70 nynorskbøker til saman. Det gjev dei ein nynorskprosent på 3–4 prosent, seier sals- og marknadssjef Andreas Kumano-Ensby, som gjerne skulle sett at talet var høgare.

– Ein stor del av nynorskbøkene som kjem ut er lyrikk, og det er ein vrien sjanger på lydbok. Bøker for småbarn, som ofte har store bilete og slikt, er òg ein vrien lydboksjanger.

Lyrikk og barnebøker står for høvesvis 26 og 8 prosent av bøkene som kom ut på nynorsk i 2016. Ifølgje Språkfakta 2015 har 40 prosent av alle nynorskforfattarar debutert med lyrikk.

– Samstundes er krim blant sjangrane som er enklast å «få til» på lydbok, men det kjem ut svært få krimbøker på nynorsk, seier marknadssjefen.

LES ÒG: Ny vår for nynorsk krim

For mange på små forlag

I tillegg til dei 40 bøkene Lydbokforlaget har rettane til, har Cappelen Damm rettar til 13 Samlaget-bøker, og Samlaget har laga lydbøker av Elena Ferrante og Maria Parr sjølv. Då er reknestykket oppe i 55 lydbøker frå forfattarar på Samlaget.

At mange nynorskbøker kjem ut på små forlag, meiner Kumano-Ensby er ein annan grunn til at det vert relativt få nynorske lydbøker. Han meiner at bøkene då vert spreidde og hamnar utanfor radaren deira.

– Me har ikkje så mykje kontakt med forfattarane, men med innlesarane i staden for. Me har ikkje redaktørar, men produsentar. Me held kontakt med forlaga i staden for å tråle manusbunkar, forklarer Kumano-Ensby.