– Det er for populært, det er for mykje pengar å tena på krim, seier Frode Grytten om kvifor det ikkje er skrive meir nynorsk krim. Men noko er i ferd med å skje. Stadig meir nynorsk krim er på veg.

mm

Sidan 1972 er det berre tre nynorskforfattarar som har vunne krimforfattarane sin eigen pris, Rivertonprisen. Frode Grytten vann med Flytande bjørn i 2005. Dei andre er Audun Sjøstrand med Valsekongens fall og Kolbjørn Hauge med Død mann i boks. Det er likevel ikkje dårlege tal viss ein ser med kor mange krimbøker som er kome ut på nynorsk samanlikna med krimromanar på bokmål.

Frode Grytten er ikkje heilt sikker på kvifor det ikkje har blitt skrive meir nynorsk krim.

– Kanskje nynorskingane har tenkt at det der får austlendingane og bergensarane ta seg av? Det er ikkje noko for oss, har dei kanskje tenkt. Det er for populært, det er for mykje pengar å tena på krim. Me har noko anna på gang her. Litt ironi, litt alvor, litt naturlyrikk, litt sekstitalspop. Litt motstandsarbeid. Nei, eg veit ikkje. Jon Fosse sa vel at han ikkje såg på krim som litteratur. Og det er vel heller ikkje alle krimbøker som er like fantastiske. Men nokre er jo strålande. Så nynorskingane får gjerne prøve seg. Nei, eg veit ikkje. Folk får halda på med det som dei er best til, svarar Frode Grytten.

Omvendt krim
Sjølv har forfattaren kalla Flytande bjørn for omvendt krim.

­– Kva legg du i dét?

– Vel, i ein tradisjonell krim er det slik at alt ligg i mørket i byrjinga, alt er forvirrande og mystisk og uoppklart, nokon har løyndomar, nokon har gjort noko forferdeleg, så tar andre til å etterforska og grava og sakte, men sikkert stig løyndomane opp, alt tar til å bli klart, og på slutten av ein krim er alt oppe i dag, det ligg i lyset, det er gjennomlyst, gåta er løyst og punktum kan setjast, og alle er happy. Eg tenkte å skrive Flytande bjørn med den omvendte rørsla, at alt var oppe i dagen i byrjinga, alt låg i norsk sommarlys, alle visste kva som hadde skjedd, men sakte skulle saker og ting ta til å synke ned i mørket og grumset, bli forvirrande og merkeleg og samansett. Til slutt skulle alt vera uløyseleg og fullstendig kaotisk og alle lesarane skulle vera forbanna. Det blei ikkje heilt slik, det blei for vanskeleg å gjera det på den måten. Men litt slik blei det jo.

– Har du tenkt til å skriva meir krim?

– Nei, tenker eg no. Flytande bjørn var eitt einaste skot i natta. Ferdig med det. Det var kjekt å gjera det, å skriva det, men eg må i alle fall ha ein god idé om eg skal ut i det landskapet igjen.

QUIZ: Prøv deg på den store krimquizen vår!

Nynorsk hos frisøren
Blant dei som ikkje har tenkt å gi seg med å gi ut krimbøker på nynorsk er radarparet Ragnhild Kolden og Vigdis Kroken. Denne påsken kjem dei ut med Døden kjem med bussen. Det er den andre boka dei har skrive saman etter Evig skal døden vera.

Ragnhild Kolden skreiv søndag ein kronikk i Aftenposten der ho kalla nynorsken for hijaben hennar. Ho fortalde historier om bokhandlarar som nærmast åtvara mot at nynorskbøker var skrivne på nettopp nynorsk. Ho trur likevel ikkje at det er korkje bokhandlarar eller marknaden som er årsaka til at det ikkje er skrivne fleire nynorske krimbøker.

– Eg trur det heller har med at me nynorskskrivande at vore litt konservative og meir høgprosaskribentar. Det har vore ein veldig høg terskel i nynorskmiljøet for kva som har vore litteratur. Kanskje fleire har gløymt at nynorsken skal brukast i alle samanhengar, seier Kolden til Framtida.no.

– No er mange flinkare til å bruka nynorsken i alle samanhengar. No ser eg òg frisørskilt på nynorsk, legg ho til.

LES OGSÅ: Døden kjem med bussen

På offensiven

– No verkar det som om det er fleire som les nynorsk krim. Og me byrjar å bli ein liten flokk som skriv – det er veldig inspirerande, legg ho til. Forfattarduoen Kroken & Kolden har blitt kalla krimlitteraturen sitt svar på Hellbillies – med skildringar av bygdelivet i Noreg.

– Eg trur humoren vår smittar over på det me skriv. Sjølv om det er snakk om mord, så kan ein gjera det litt lett. Ein treng ikkje fordjupa oss i liket, ler ho.

Ragnhild Kolden trur på ein ny vår for nynorsk krim, og er svært begeistra for at Lars Mæhle har byrja å skriva krim.

Den mørke porten vart selt til Tyskland allereie før lanseringa i Noreg. Det prestisjetunge forlaget Ullstein Buchverlag, satsar på Mæhle på den tyske marknaden.

Lars Mæhle seier til Framtida.no at han har planar om ein serie med psykologen Ina Grieg.

LES SAKA:– Likar å lura og finta lesarane

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43

Kommentarar

ANNONSE