No håpar Amalie Hegland Lauritzen (18) at kroppsflyging blir eiga OL-grein.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det var ei veldig spesiell oppleving. Alt skjedde veldig fort. Eg blei kontakta av Inka Tiitto som er verdsmeistar i freestyle, og gjennom ho fekk eg høyra om prosjektet. Dei trong to kvinnelege flygarar til Stargate sin nye musikkvideo saman med Pink og Sia, fortel Amalie Hegland Lauritzen til Framtida.no.

Amalie Hegland Lauritzen frå Voss er einaste i Noreg som driv aktivt med freestyle kroppsflyging. Foto: Instagram
Ho er aktiv i Voss kroppsfykarlag, og einaste i Noreg som driv aktivt med freestyle innandørs kroppsflyging.
Filma i Los Angeles
Etter litt fram og tilbake, og litt planlegging blei ho flydd til Warszawa i Polen for å trena to timar saman med Inka.
– Me skulle lage ein tovegs freestyle-rutine, noko som ikkje hadde blitt gjort før.
Deretter blei dei flydd til Los Angeles der dei var i fire dagar. Der fekk dei trena to timar til, deretter filma dei dagen etterpå.
– Det var eit veldig kult prosjekt, og det var kjekt å jobba med Prettybird som regisserte videoen. Det var òg ganske stressande trening, sidan me ikkje hadde så mykje tid og me skulle laga noko heilt nytt til musikkvideoen. Å få vera med i ein musikkvideo var noko eg aldri hadde sett for meg eller forventa. Og i alle fall ikkje for Stargate, Pink og Sia. Det er heilt ekstremt å tenka tilbake på no, seier Amalie Hegland Lauritzen.
240 km/t
I vindtunnelen blæs vinden i 240 km/t når Amalie dansar gjennom lufta.
– Hovudforskjellen på fallskjermhopp og vindtunnel er at i fallskjerm så hoppar ein ut av eit fly, er i fritt fall i cirka 40 sekund, også trekker ein fallskjermen mens i tunnelen så kan ein faktisk fly og fly over ein lengre periode.
VossVind er einaste tunnel i Norge av sin type. Det er ein liten tunnel i Lørenskog, men den er liten, ifølgje vossingen. I løpet av neste år kjem det ein ny tunnel i Oslo.
– På engelsk heiter sporten indoor skydiving, som viser til at vindtunnel kjem frå fallskjermhopping. På norsk kallar ein den «innandørs kroppsflyging/kroppsfyking».
LES OGSÅ: Her er dei beste Veko-videoane
Håpar på OL
I Noreg er ikkje sporten så stor enno. Det er fleire som driv på med vindtunnel her i landet, både norske og utlendingar som bur her.
– Dei fleste driv på med tunnel i tillegg med fallskjermhopping, basehopping og liknande, mens færre driv berre på med vindtunnel. Me har fleire utruleg flinke lag og utøvarar både i dynamisk flyging, VFS, FS4 og freestyle. Men per i dag er det berre eg som driv på med freestyle aktivt i Norge og representerer Norge utanlands i freestyle som er mi grein av sporten.
Amalie Hegland Lauritzen blei ferdig med vidaregåande før sommaren, og vil ta seg ei friår for å satsa på idretten.
No håpar ho innandørs kroppsflyging blir offisiell OL-grein:
– Kroppsflyging bør bli ei offisiell OL-grein fordi idretten har blitt moden nok til å bli representert i OL. Idretten går imot gravitasjonen og skil seg ut. Det finst ekstremt mange dyktige utøvarar rundt om i verda som absolutt er kvalifisert for OL.
LES OGSÅ: Stadig fleire vil fly
Vann stipend
Amalie Hegland Lauritzen deltok for første gong ordentleg sjølv under Ekstremsportveko tidlegare i sommar.
– Ekstremsportsveko er ein utrulig kul festival og arrangement. For meg har det vore ein opplevelse å vere med! Eg har sett mange kule ekstremsportar live og har fått vist fram min eigen.
På festivalen deltok ho i konkurranse og vann onecallstipendet.
– Det var heilt fantastisk.
– Ekstremsportsveko er verkeleg ein festival som skil seg ut, som alle burde oppleve minst ein gong!
LES OGSÅ: Ekstremt unytta potensial